Ein historisk dag

Det vert både høgtid og fest når kommunane Lindås, Meland og Radøy samlast til fellesmøte torsdag 22. juni, leia av fylkesmann Lars Sponheim. Stortinget vedtok 8. juni 2017 å slå saman kommunane Lindås, Meland og Radøy. Fylkesmannen kallar difor inn til eit felles kommunestyremøte, i tråd med §25 i inndelingslova. I møtet skal namn på … Les meir Ein historisk dag

Radværing tilsett i vest

Paul J. Manger (58) frå Manger vart før helga tilsett som prosjektleiar for «Nye Øygarden» kommune fram til januar 2020. Les saka her:Ny prosjektleiar i Øygarden

Ordføraren måtte bruka dobbeltstemma si for Alver

Alver 12 stemmer – Nordhordland 12 stemmer Kommunestyret i Radøy diskuterte namn på den nye kommunen torsdag kveld, med utgangspunkt i tilrådinga frå førebuande fellesnamn og Radøy formannskap om Alver kommune. -Har ikkje alle tre kommunestyra same fleirtalsvedtak, speler vi frå oss sjansen til å bestemma namnet sjølve. Då er det departementet som avgjer, presiserte … Les meir Ordføraren måtte bruka dobbeltstemma si for Alver

Meland seier ja til Alver

Eit samrøystes  Meland kommunestyre meiner den nye kommunen skal heita Alver kommune. Under debatten i Meland kommunestyre i kveld sette Øyvind Bratshaug (Frp) fram forslag om Nordhordland som namn på den nye kommunen. - I ei prøverøysting fekk Nordhordland kommune fem stemmer, og då det skulle røystast endeleg over namnet, trekte Bratshaug forslaget og eit … Les meir Meland seier ja til Alver

Stortinget sa ja

Torsdag kveld gjorde Stortinget vedtak om å slå saman kommunane Lindås, Meland og Radøy. Vedtaket som vart fatta av Stortinget etter ni timars debatt, inneber at talet kommunar vert redusert frå 428 til 354. I alt vart det gjort vedtak om å slå saman 108 kommunar til 42 kommunar. 11 av samanslåingane vil skje med … Les meir Stortinget sa ja

Seminar om vegen vidare

oktober er foreslått som dato for å vedta eit styringsdokument for vegen vidare mot ein ny kommune. Når førebuande fellesnemnd kjem saman måndag 12. juni, får dei på bordet ei sak om det vidare arbeidet med styringsdokumentet for etablering av ein ny kommune. Forslaget er at dette dokumentet skal vedtakast i møte i Fellesnemnda 2. … Les meir Seminar om vegen vidare

Når tre blir ein

Når dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy byggjer ein ny kommune, startar dei ikkje arbeidet med blanke ark, men tar med seg beste praksis frå dagens kommunar. Intensjonsavtalen som vart underteikna i januar 2016, slår fast at dei tre er likeverdige partar som skal byggja vidare på felles identitet og kultur og involvera innbyggjarar, … Les meir Når tre blir ein

Fleirtal for Alver

Førebuande fellesnemnd drøfta mandag namnet på den nye storkommunen. Med 15 mot 6 stemmer vert Alver kommune sendt vidare til dei tre kommunestyra til avgjerd. Mindretalet ønskjer Knarvik kommune. Nordhordland kommune som også vart foreslått i møtet, vart trekt då det også fekk 6 stemmer i ei prøverøysting. Held på Alver Leiar i namnekomiteen orienterte om … Les meir Fleirtal for Alver

Dette seier Språkrådet

Mandag skal førebuande fellesnemnd drøfta innstillinga frå namnekomiteen om Alver som nytt namn på storkommunen. Deretter går saka vidare til kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy. Dei gjev si endelege godkjenning i fellesmøte, leia av Fylkesmannen 22. juni. Slik me har skrive tidlegare, innstilte namnekomiteen på Alver kommune, etter ein grundig debatt rundt dei fire … Les meir Dette seier Språkrådet