Kva skjer fram mot 1. januar 2020?

Trykk her for å gå til møteplan for førebuande fellesnemnd.

2017

Vår

  • Departementet legg fram ein proposisjon med forslag til ny kommunestruktur.
  • Departementet legg fram ein samla lovproposisjon om nye oppgåver.

Mai

  • Kommuneproposisjonen for 2018 blir lagt fram for Stortinget.

Juni

  • Stortinget handsamar proposisjon om ny kommunestruktur.
  • Stortinget handsamar lovproposisjon om nye oppgåver.
  • Førebuande fellesnemnd leverer innstilling i følgjande saker til endeleg fellesnemnd:
    • Prosjektorganisering
    • Framdriftsplan frå haust 2017 til 31.12.19.
    • Budsjett for fellesnemnda
    • Omstillingsavtale

Etter vedtak i Stortinget

  • Felles kommunestyremøte for Radøy, Meland og Lindås kalla inn av Fylkesmannen med mellom anna følgjande tema:
    • forslag til namn på den nye kommunen
    • talet på medlemmer i det nye kommunestyret
    • kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i Inndelingslova
    • val av revisor for verksemda i fellesnemnda
    • oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga

Haust 2017 – haust 2019

Arbeidet med samanslåinga vert gjennomført etter framdriftsplanen, som vert vedteke av førebuande fellesnemnd juni 2017.

1. januar 2020

Den nye kommunen er etablert.