Får skryt frå statsråden

image
EIT GODT MØTE: Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland er godt fornøgd med den jobben som vert gjort for Alver kommune. Mandag møtte ho ordførarar og rådmenn i dagens tre kommunar. Frå v: Martin Kulild, Astrid Aarhus Byrknes, Jon Askeland, Monica Mæland, Jarle Landås, Øyvind Oddekalv og Ørjan Raknes Forthun.

Mandag føremiddag vitja kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland ordførarar og rådmenn i Lindås, Meland og Radøy.

– Eg har hatt ein fantastisk dag og eit veldig godt møte med leiinga for kommunane som skal slå seg saman til Alver, seier statsråden som var næringsminister då invitasjonen kom, men no har tatt over Sanner sitt ansvar for kommunane og den pågåande reforma.

Ein slagkraftig kommune

– I møtet kom det fram at dei er opptatt av m.a. økonomi, rammetilskot og eigedomsskatt. Vi har prata om status for prossesen og vegen vidare, seier ho.

– Dei tre kommunane jobbar godt og er blant dei som har komme lengst. Eg har stor tru på at Alver blir ein slagkraftig kommune, seier Mæland til einkommune.no – etter møtet med næringslivet mandag kveld.

Statsråden var klar på at ho føler seg som kommunane sin næringsminister, då ho innleia under næringskonferansen i Knarren.

– Det har vore dramatiske tider dei siste 4 1/2 åra, og særleg Sør- og Vestlandet er hardt ramma, seier Mæland. Ho er klar på at det er viktig å skapa nye arbeidsplassar og at det offentlege skal bidra med å leggja til rette og syta for kommunane.

Nye jobbar

– Mange jobbar er borte, kanskje så mange som kvar tredje forsvinn. Nye måtar å produsera på er sikrare, gir nye jobbar og aukt produktivitet, seier Mæland som gjerne skulle kunna spådd kor jobbane kjem.

Ho er klar på at framtida vil  krevja meir kompetanse, og at ingen er ferdig utdanna i dag, men treng stadig påfyll – ei stor utfordring for politikarar og næringsliv.

– Vi må heia på næringslivet og norske eigarar, og satsa på næringsretta forsking og inovasjon, seier ho og trekkjer fram helsenæringane og havnæringane som viktige for framtida.

Utfordrande for dei små

Mæland gjer det klart for forsamlinga at det er bra at Nordhordland får ein stor Alver kommune, særleg når ein tenkjer næringsutvikling.

– Det er viktig med store, sterke kommunar som har kompentanse og kan levera det næringslivet treng. I tillegg trengst det attraktive bustader, digitalisering og ny teknologi formåmdriva betre tenester. Alt dette greier ikkje små kommunar å få til. Kommunane vil få krav på seg om å driva utvikling i eit høgt tempo, det er krevjande for ein liten kommune, seier Monica Mæland.

Vi kjem tilbake med ny sak frå «Kva no»-møtet i Knarvik mandag kveld.