– Media er patriot og vaktbikkje

stig erik elliot
KLAR TALE: – Strilen sin funksjon er å vera lim og lupe, seier redaktør Stig Erik Elliot.

Bruk lokalavisene, ver opne og ha fokus på menneske.
Det er kort summert dei to redaktørane sine råd til lokalpolitikarane i framtidige Alver kommune.

Lokaldemokrati stod på dagsorden i møtet i fellesnemnda denne veka. Til å innleia om tema var redaktørane Stig Erik Elliot i Strilen og Trond Roger Nydal i Avisa Nordhordland, som skulle sei noko om kva rolle lokalavisene har i lokaldemokratiet i Alver kommune. I tillegg held instituttleiar Jakob Aars frå UiB eit innlegg om kommunereforma og lokaldemokratiet.

Lim og lupe

– Strilen sin funksjon er lim og lupe. Vi skal vera patriot og vaktbikkje, hjelpe og passe på. Vi skal trekkje fram dei gode eksempla som viser god praksis, god tenesteleveranse, godt politisk arbeid slik at flest mogleg får veta om kva som fungerer, seier Elliot. Han har ei klar melding til dei folkevalde om at dersom suksesshistoriene skal få truverdighet, må media henta inn uhilda kjelder som kan bygga opp under. Det hjelper om politikarar og administrasjon er fornøgd, viss ikkje brukarane er det.
– Media har ein plikt til å vera med på å sjå til at lokaldemokrativet føregår som eit minste felles multiplum etter lovar og reglar, følgja med på habilitet, grundigheit, politisk meiningsbryting. Det er også denne oppgåva vi oftast blir arrestert på, i form av reaksjonar som no heng de oss ut, no er de negative, dette er urettferdig, seier Strilen-redaktøren.
Han meiner det er eit problem i media at ein har ein tendens til for fort å hoppa på dei som er sinte til ei kvar tid.
– Det er eit område som vi må vera bevisst på. Litt for ofte kan vi bli mikrofonstativ for det som angår enkeltpersonar. Eg lovar at Strilen skal gjera relevans- og konsekvensvurderingar når nokon tar kontakt med oss. Vi skal spegla lokalsamfunnet slik det er, seier han.
– Det er mykje snakk om pengar, det høyrer etter mitt syn ikkje heime i det offentlege ordskiftet. Det handlar om menneske, og administrasjonen må vera flinkare å synleggjera kva kutta betyr. Tre lærarstillingar mot 100 meter veg, då får vi lokaldemokrati på sitt beste – ikkje ved summar som blir kasta ut. Det er vår felles utfording å synleggjera kva aktiviteten faktisk handlar om, og for å relevante i kvardagen, seier Stig Erik Elliot.

trond roger nydal og øyvind oddekalv
GÅVE: Fellesnemnda sin leiar, Øyvind Oddekalv takkar redaktør i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal med ein «Glødeplugg» frå arbeidsinkluderingsverksemda Gløde på Frekhaug.

Mest mogleg open

Redaktøren i Avisa Nordhordland seier han er einig i mykje av det som er sagt, og at å jobba i avis er verdast kjekkaste jobb.
– Vi får forme nyheitbildet kvar dag, enkelte gonger påverkar vi prosessane. Eg har som redaktør prioritert prosessen rundt Alver. Den vedgår så mange folk. Å få ut informasjon til folk, er viktig for å lukkast med å bygga eit lokaldemokrati, seier han og legg til at han kjem til å ta alle som kjem oppom avishuset på alvor.
Når det gjeld lokaldemokratiet i den nye kommunen, meiner Nydal at journalføring, gode ikt-system frå starten, openheit rundt dei aller fleste forholda er viktig, og meir offentlegheit bør vera ein grunnpilar.
– At de alle kjem med saker til avisene, skriv debattinnlegg, brukar avisene. Det er ein fordel for samfunnet at debatten går føre seg i eit samla organ, og ikkje på facebook, seier redaktøren.
Han legg det til at det er ei utfordring å skapa engasjement ute blant innbyggarane, og ei fare for at interessa for å vera med i politikk og valdeltakinga vert mindre.

jakob aars2
POSITIVT: Mange har opplevd det som positivt å vera folkevald, seier Jakob Aars.

Meir robust lokaldemokrati?

Deltaking og engasjement står også sentralt når Jakob Aars, UiB har fokus på kommunereforma og lokaldemokratiet. Sentrale spørsmål er om lokaldemokratiet kan bli meir robust, eller vert det større avstand mellom veljarar og dei valde, svekka fellesskapskjensle, og kva med det frivillige organisasjonslivet etter samanslåinga. Intensjonen er at det skal gje større nærleik mellom innbyggarar og beslutningstakarar, mindre statleg styring og større fridom for kommunen til å prioritere og tilpasse velferdstilbodet til innbyggarane sine behov.
– Nokre verktøy som kan bidra til å styrka kontakten mellom kommune og innbyggarar er innbyggarundersøking, ordførarbenk, folkemøte og idedugnad, seier Aars. Han viser til at den norske valordninga er spesiell, der ein i utgangspunktet ikkje kan nekta å stå på liste.
– Det er ei ombodsplikt i det norske systemet. Mange har opplevd å koma inn som listefyll, men må sitja i kommunestyret dei neste fire åra. Mange sa straks nei til attval, men etter nesten fire år, var det mange som var positive til det å sitja i kommunestyret og få kjennskap til lokale saker. Mange fleire blei aktiviserte enn passiviserte i fireårsperioden, seier han.

Aars legg til at instituttet han leiar har mange masterstudentar, og at i samanslåingsprosessen i Alver kommune er det stoff til mange masteroppgåver. Til dømes kva skjer med det interkommunale samarbeidet!

AV: Randi Bjørlo