Same godtgjersle i nemnd og utval

røysting
SAMRØYSTES: Fellesnemnda samla seg om ei godtgjersle på 1000 kroner for alle typar møte. (Illustrasjonsfoto)

Dei 21 medlemmane får 1000 kroner for kvart møte i regi av fellesnemnda for Alver kommune.

I møte 15. januar vart det gjort vedtak om 1000 kroner i godtgjersle for møte i fellesnemnda. Det vart då ikkje sagt noko om godtgjersle for møte i utval nedsett av fellesnemnda, difor kom saka opp igjen denne veka.

Halvert godtgjersle?

Spørsmål som då vart diskuterte var om fleire møte same dagen skulle utløysa fleire godtgjersle, og om korte møte skulle gje like mykje som lange møte.

– Eg foreslår at ved fleire møte same dag vert det gitt ei godtgjersle, seier Jon Askeland (Sp). Dette vert støtta av Senterpartiet sine fire representantar og Arbeidarpartiet sine fem, og ikkje fleirtal.

– Enkelte møte kan vera veldig korte, til dømes i valnemnda. Då kjennest det nesten urimeleg med 1000 kr i godtgjersle. Eg foreslår difor at møte inntil to timar, får halv godtgjersle; 500 kroner, seier Marit Jøssing (KrF). Heller ikkje dette forslaget får fleirtal etter gruppemøte.

Eit greit snitt

Leif H. Sleire (KrF) meiner saka er tosidig. – I Lindås har vi ein timesats for korte møte. Samtidig skal ein vera godt førebudd, og får tapt arbeidsforteneste. Nokon har kanskje vore her i mange timar alt, når vi andre kjem til møte i fellesnemnda, så kanskje burde vi ha ein todelt kompensasjon, seier han utan å setja fram noko nytt forslag.

– Eg tenkjer at 1000 kroner er eit greitt snitt pr møte. Nokre vert lange, andre korte, seier Kenneth T. Murberg (H).

Samrøystes

Fellesnemnda vedtar samrøystes forslaget til programansvarleg Ørjan Raknes Forthun om at medlemmar av fellesnemnda har rett til godtgjersle for møta i nemnda og i utval oppretta av nemnda med kr 1000,- pr. møte.

Ordførarar og varaordførar som ikkje har krav på godtgjersle for verv i kommunale organ i eigen kommune har heller ikkje krav på godtgjersle i fellesnemnda.

Info til fellesnemnda:

Raknes Forthun informerer fellesnemnda om at toppleiargruppa vil vera klar i midten av februar, og at ein også er nær ved å få resten av leiargruppa i Alver kommune på plass.

Når det gjeld IKT og digitalisering, jobba leiarar i alle tre kommunane på fire ulike sektorar med stratigeriar for samordninga. Elektronisk verktøy er ikkje vald enno.
– Vi har fått mange spennande søkjarar til trainee-stillingane. Vi har 8 kandidatar å gå vidare med og veit ikkje heilt kor mange vi endar opp med. Mange har god og relevant kompetanse ift samanslåingsprosjektet, seier han.

I neste møte vil fellesnemnda drøfta sak om styring av politiske prosjekt.
– Reglementet for prosjektstyring er ikkje presist nok, til dømes i forhold til kommunevåpen. Vi må difor laga forslag på korleis politikk og administrasjon skal koordinerast i denne typen prosjekt, seier Ørjan Raknes Forthun.

AV: Randi Bjørlo