Vil veta meir om pendlarane

Nordhordlandsbrua2

1795 personar pendlar mellom Lindås, Meland og Radøy. Heile 5781 personar pendlar ut, og 2590 inn i framtidas Alver kommune. Kven er dei, og kvifor pendlar dei?

Fellesnemnda for nye Alver kommune er oppteken av innbyggarane sine. Dei har difor nyleg fått gjennomført ei pendlaranalyse, der Hordaland Fylkeskommune har samla inn og analysert data for dei tre kommunane sine pendlarar.

Mange pendlar ut av Alver

– Vi ville få kunnskap om pendlarane; kven er dei, kvifor pendlar dei, og kunne dei tenkt seg å slutta med det, seier Lasse Kolbjørn Anke Hansen, spesialrådgjevar, regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Han har henta mykje informasjon via offentleg statistikk til dette nybrotsarbeidet om pendlarar.

– Desse tre kommunane er blant dei som har mest utpendling i fylket. 5781 personar pendlar ut frå Alver, 2590 inn. Langt fleire menn enn kvinner pendlar, dei yngste kvinnene pendlar mest. Meland har største del av utpendlinga, berre 30 prosent jobbar i kommunen, resten pendlar ut. Lindås mottar mest av innpendlinga, med 70 prosent, seier han når han informerer fellesnemnda om resultatet.Når det gjeld den interne pendlinga, der 1795 personar pendlar mellom dei tre kommunane, tiltrekkjer Lindås seg flest pendlarar frå Meland og Radøy. Helse og sosial er største næringa av dei som pendlar ut. Deretter følgjer varehandel, grunnskulen, bygg/anlegg og olje/gass. Meland har også høg utpendling til bank/finans og informasjon/kommunikasjon.

– Mange pendlar ut frå Alver til helse og sosial, men også inn. Vi trur at det går føre seg ein del ineffektivitet i kommunane i bergensområdet i forhold til pendling til same næring, seier Anke Hansen.

Sms til pendlarane

No ønskjer fellesnemnda å bruka analysen til å få pendlarane i tale. I ei undersøking som skal sendast ut som sms, vil dei mellom anna ha svar på korleis Alver kommune bør leggja til rette dersom ein vil slutta å pendla, eller fortsetja med pendlinga.

– Vi ønskjer svar på kvifor dei pendlar, kva dei jobbar med, kva transportmiddel dei brukar og kva utfordring pendlinga medføre. Vi vil også ha tilbakemelding med forslag til forbetring, seier spesialrådgjevaren.

Får god mottaking

Dei folkevalde i fellesnemnda synest dette pionerarbeidet er spennande og interessant.

– Her fortel fellesnemnda tydeleg at vi skal bygga noko nytt, og vil veta kva innbyggarane våre tenkjer. Denne undersøkinga og svara vert også eit godt grunnlagsdokument for det nye kommunestyret, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF). Ho er opptatt av at det vert stilt spørsmål ved stillingsstorleiken i helse/omsorg, då ein treng langt fleire hender lokalt.

– Undersøkinga er også viktig i forhold til planlegging innan transport og næring, og er svært spennande i samband med næringsplanane våre, seier Nils Marton Aadland (H).

Marit Jøssang (KrF) meiner spørjeundersøkinga må ha eigne kommentarfelt der pendlarane kan leggja til opplysningar dei meiner er relevante.

– Rapporten er viktig i forhold til at vi treng den arbeidskrafta vi sender frå oss til dømes innan helse og sosial. Vi vil bli ein attraktiv arbeidsgjevar om vi gjer nokre grep, seier Anna Valle (Sp). Ho synest denne undersøkinga er positiv både for kommune og næringsliv.

– Øyvind Bratshaug (Frp) synest undersøkinga er svært spennande, også med tanke på næringslivet i Alver, og han bed om at fellesnemnda får presentert resultatet av spørjeundersøkinga.

AV: Randi Bjørlo