700 dagar igjen

øyvind oddekalv 2018

– Vi ligg godt an på mange område, samtidig som nesten alt gjenstår.
Det seier leiar i fellesnemnda, Øyvind Oddekalv når han gjer opp status i dag – 700 dagar før Alver kommune er ein realitet.

– Vi har sett ein del rammer med tanke på styringsdokument og andre vedtak vi gjorde i desember. Vi har fått på plass den administrative toppleiinga og dei er i gang med å få etablert leiargrupper m.m, utdyper han.

Kommunevåpen neste

Arbeidet med symbol, identitet og felles kultur har også starta.
– Gruppa som vert leia av Nils Marton Aadland, har frist til i haust med å legga fram forslag på kommunevåpen, etter brei involvering i dei tre kommunane, seier Oddekalv.

-Kva tenkjer du om innbyggarane sitt engasjement så langt i samanslåingsprosessen?
– Eg følte at det var bra engasjement i namnedebatten. Eg både ser og forstår at sjølve organiseringa av kommunen ikkje er så interessant, men reknar med at lokalisering av ein del tenester kan engasjera. Samtidig har vi sagt i intensjonsavtalen at m.a. skular skal vera som før. Folk engasjerer seg når ting betyr mykje for dei, og eg reknar med at når vi kjem til symbola, så blir det engasjement.

Møter ungdomsråda

Dei tre ordførarane har starta arbeidet med å markera at 2018 er korpsa sitt år. Nordhordland er sjølve korpsriket, og målet er å få til ei brei og god markering.
– Tanken vår er å engasjera korpsfolket, og vi skal ha møte med ungdomsråda i dei tre kommunane i starten av februar. Dei er veldig engasjerte, seier Oddekalv.

Eit godt utgangspunkt

Når Lindås, Meland og Radøy vert slått saman til Alver kommune 1. januar 2020, er det tre kulturar som skal bli til ein. Leiaren i fellesnemnda seier dette ikkje minst gjeld det organisatoriske.
– Det er ei stor oppgåve å få smelta saman organisasjonen, og medverknad er veldig avgjerande i prosessen. Vi har engasjerte tillitsvalde som er med i dei fora der dei skal og bør vera. Samtidig føler eg at vi har eit godt utgangspunkt, det er då ikkje så stor forskjell på folk her ute, seier Oddekalv.

Gode prosessar avgjerande

-Korleis er det å vera leiar av felesnemnda?
– Det er ei stor oppgåve å få samanslåinga i hamn. Det er ganske mykje arbeid som kjem i tillegg til det å vera ordførar i ein kommune. Eg trur det er viktig at prosjektorganisasjonen vert utvikla, slik at vi får gode prosessar vidare.

Oddekalv viser til at nye partilag er i ferd med å bli etablerte. Både Alver Frp, Alver Høgre og Alver KrF er danna, og denne helga skal dei tre Ap-laga starta sin prosess.
– I fellesnemnda har ein både dei ulike partia og dei ulike kommunane. Det er viktig med gode debattar, og at vi lander saker etter kvart. Eg føler vi har kome godt i gang, seier han.
– Fram til 2020 vil ein god del saker gå til dei ulike kommunestyra, og då er det gjerne viktig å få drøftingar der vi har vårt felles møtepunkt, med representantar frå alle dei tre kommunestyra, seier Oddekalv. Han viser til saka om brannsamarbeidet som døme der ein kom litt skeivt ut fordi ein ikkje hadde samsnakkast godt nok.

IMG_8825

 

Mykje gjenstår

Når leiaren i fellesnemnda oppsummerer samanslåingsprosessen så langt, seier han at samanlikna med andre som er i same båt, ligg Alver godt an på mange felt.
– Ny rådmann er på plass, og vi er i ferd med å bygga prosjektorganisasjonen. Samtidig gjenstår nesten alt, difor er det viktig å ha fokus på dette. Vi må klara involvera dei ulike gruppene – ei stor utfordring som vi er obs på og jobbar aktivt med, seier han.

Øyvind Oddekalv runda nyleg 50, og då han vart heidra med blomster og godord frå nestleiaren i fellesnemnda, Astrid Aarhus Byrknes, sa han m.a.: « Vi er ulike personar, ulike kommunar. Eg synest vi har ein veldig bra tone og er viss på at vi kjem til å få til eit veldig bra resultat.»

AV: Randi Bjørlo