I dialog med kyrkjefolket

bjarte vatnøy
KYRKJELEG FELLESRÅD: Bjarte Vatnøy er politisk vald representant i Kyrkjeleg Fellesråd for Alver. Han støttar deira krav om drøye 2 millionar til samanslåingsoppdraget.

Kyrkjeleg fellesnemnd for Alver bed om 2 350 000 kroner. Fellesnemnda løyver det halve.

Fellesnemnda har handsama søknaden frå kyrkjeleg fellesnemnd i Lindås, Meland og Radøy om 2 235 000 kroner til arbeidet med å etablere ei felles kyrkjeleg fellesnemnd. Framlegget frå programansvarleg Ørjan Raknes Forthun er å løyva 1,2 millionar, likt fordelt på 2018 og 2019.
– Dette er ei litt vanskeleg sak. Søknadsbeløpet er langt over det fellesnemnda vedtok i budsjettet i desember. Eg meiner vi må likebehandle det vi sjølv skal styre med og kyrkjeleg fellesnemnd, i forhold til samanslåing. Dei må gjera same prioritering som vi må gjera, og legge vekk noko for å kunna gjennomføre samanslåinga. Vi burde hatt 2-3 gonger så mange midlar til disposisjon skulle vi brukt like mykje midlar som det her er lagt opp til, seier Raknes Forthun.

Nøktern nemnd

– Eg er politisk vald til Alver kyrkjelege fellesråd. Dei har vore nøkterne, kanskje spesielt i prosjektorganisasjonen. Det må byggast om ein del areal, og det trengst kulturbygging for å få særleg dei mange frivillige samkjørte. Forthun argumenterer godt, men også fellesrådet sin argumentasjon er god, seier Bjarte Vatnøy (Frp). Han er redd det vil gå ut over det historiske materialet om løyvinga vert for lita.
– I saksutgreiinga er det gjort ei god samanlikning med andre kommunar som slå seg saman, og eg synest problemstillinga er godt belyst. Vårt mandat er å søka konsensus. Eg vil at me skal be programansvarleg om å ha eit møte med dei for å finna ut kva som gjer at Alver kyrkjelege fellesnemnd treng så mykje meir midlar enn andre som slår seg saman, seier Jon Askeland (Sp).

Forslag om dialog 

Nina Bognøy (Ap) stiller spørsmål om kvifor fellesnemnda skal imøtekomma denne søknaden om eit høgt beløp, når andre ikkje kan føla seg like raust tilgodesett. Ho bed om gruppemøte før røysting.
Øyvind Bratshaug (Frp) meiner ein god dialog vil vera nyttig, i staden for å gjera noko overilt på eine eller andre måten.
Astrid Aarhus Byrknes (KrF) meiner kyrkjeleg fellesnemnd som fellesnemnda må bruka tid og krefter på ein annan måte enn i dag, og støttar Askeland sitt forslag om dialog. Det gjer også ei samla fellesnemnd.
Mot to stemmer (Bjarte Vatnøy og Øyvind Bratshaug) vert det også vedtatt å følgja den tilrådde løyvinga på 1,2 millionar.

Andre saker i fellesnemnda 15. januar:

  • Nils Marton Aadland, Meland er vald til leiar i prosjektgruppa som skal jobba med identitet, symbol og felles kultur. Nina Stabell Øvreås, Lindås er nestleiar og Kirsti Gjetle Floen, Radøy, Asle Hetlebakke, Lindås og Sølvi Knudsen, Meland er medlemer i gruppa.
  • Valnemnda har fått sitt eige reglement. Nemnda som er sett saman av ein representant frå kvar kommune, skal koma med framlegg til medlemmar i ulike komitear som vert oppretta i samband med å etablera ein ny kommune. Nemnda skal føra møteprotokoll, og programkontoret stiller ein sekretær til disposisjon.
  • Det er også vedtatt reglement – arbeidskår og godtgjersle for medlemmar av fellesnemnda, som får 1000 kroner pr møte. Nina S. Øvreås (Frp) saknar eit punkt som seier noko om godtgjersle til medlemer i dei ulike gruppene som vert etablerte. Svaret er at ein må koma tilbake til det i neste møte. Bjarte Vatnøy (Frp) minner om at Anna Valle (Sp) i førre møte foreslo eit nytt punkt i budsjettet om støtte til demokratibygging. Astrid Aarhus Byrknes (KrF) seier at ho har send sms til kommunalministeren om saka, og vil også få sjekka om det finst andre ordningar for partistøtte.
  • Ordførarane og kulturmedarbeidarar i Radøy, Meland og Lindås samt informasjonskonsulent i Lindås kommune utgjer den nye kulturkomiteen. Komiteen sitt arbeid vert organisert som eit prosjekt, og dei skal i første omgang arbeida fram til kommunikasjonsstrategien er vedteken. Fellesnemnda bed kulturkomiteen om å legge fram ei sak om korpsenes år i samarbeid med programleiinga til deira neste møte.
  • Det er vidare eit mål å ha leiargruppa for Alver kommune på plass primo februar. De aktuelle har vore til innleiande samtalar.
  • Det vert jobba med å rigga IKT og digitalisering. Eit stort og krevjande prosjekt.
  • Radøy som vertskommune har ansvaret for prosessen med felles barnevern som skal avsluttast 1.10.18, og er delfinansiert av fylkesmannen. Prosjektleiaren er på plass og fleire ulike arbeidsgrupper er i sving, blant desse fagleg profil, økonomi og personal. Det er også sett ned referansegrupper. Organisering skal vera ferdig i mars, og må så til vedtak i dei tre kommunestyra, før det er oppstart i september – lokalisert i Helsehuset i Knarvik og samlokalisert med Helse Bergen sine tenester på området. På spørsmål frå Sølvi Knudsen (Sp) vert det presisert at barnevernet må vera mobilt.
  • Programkontoret skal vera på plass i løpet av mars.
  • Jobben med felles landbrukskontor har starta med sikte på oppstart 1.1.19
  • Øyvind Bratshaug i næringsgruppen informerte om at det vert næringslivseminar 12. februar i «Knarren», i god dialog med Nordhordland næringsråd og Næringsutvikling Vest. Monica Mæland skal innleia, og Karina Reigstad og Einar Våge skal ha innlegg før det vert gruppearbeid, der dei påmelde har tatt stilling til ulike tema.

AV: Randi Bjørlo