Diskusjon om Sambandet Vest

sambandet vest

Kvifor forskottera Askøy kommune sin del?

Gjennom Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) si tilskotsordning tilinfrastrukturtiltak i kommunar som skal slå seg saman, har kommunane Lindås, Meland og Radøy fått til saman kr 5 mill, kr 2 mill i 2016 og kr 3 mill i 2017 til reguleringsarbeid for Sambandet Vest. Midlane tildelte i 2016 må brukast dette året, og det skal no startast opp eit førebuande arbeid med ein interkommunal kommunedelplan for vegtraséen frå Askøy kommune, via Meland kommune og Radøy kommune til Austrheim kommune. Askøy kommune sin del av dette arbeidet er rekna til ca 15 % av totalen, tilsvarande om lag 300 000 kroner.

Kvifor forskottera?

Då fellesnemnda handsama saka denne veka, var det forslag om at Askøy kommune sin del av arbeidet skulle forskotterast av midlane frå KMD og at Askøy kommune stiller ein garanti på dette beløpet og betalar sin del i ettertid. Ikkje alle representantane i fellesnemnda synes det er ei god løysing.

– Midlane vi har fått er heilt spesifikt knytt opp mot tiltak i våre kommunar. Eg er undrande til at vi skal forskottera for Askøy kommune, deira part meiner eg dei bør klara finansiera sjølve, seier Leif Hosøy Sleire (H).
– Vi ønskjer å få starta opp planlegging, og det er naturleg at Askøy går inn med midlar i tillegg til dei vi har fått til Sambandet Vest i Alver kommune. Det å forskottera for Askøy er berre reint teknisk og ein praktisk måte å gjera det på slik at vi no kjem i gang, seier Øyvind Oddekalv, leiar i fellesnmenda.Bjarte Vatnøy (Frp) meiner det må komma tydeleg fram kva pengane skal brukast til. Marit Jøssang (KrF) meiner pengane må brukast til å få knytt Alver kommune saman, og ikkje spreiast over eit for stort område.
– Målet er å binda saman nordre delen. Me må få eit vedtak no for å komma eit steg vidare, elles vert dette ei ping-pong sak, seier Nina Bognøy (Ap).

Viktig alternativ veg

– Eg tenkjer at når Askøy kan stilla med garanti, bør dei også ha midlar å kunna bruka. Midlane har me fått til å bygga infrastruktur i ny kommune, og me må finna eit godt framlegg som me kan stå samla om, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF).
– Eg høyrer til dei som meiner at det er viktig å ha ein alternativ veg til Bergen, og det må vera ein plan på korleis vi skal vidare til Askøy om vi vil det, seier Sølvi Knudsen (Sp).
– Det kan vera lurt å regulera mot Askøy, reguleringa vil og bli forutsigbar for dei som bur på Holsnøy, seier Hogne Brunborg (Ap).
– Det er like aktuelt med bru tvers over Radøy til Lindås, i staden for til Austrheim. Fokus på bru mellom Meland og Radøy er naturleg for Alver kommune, seier Odd Leif Mjøs (KrF).

Ei presisering

Etter ein del samsnakking gjer fellesnemnda vedtak om å godkjenna at Sambandet Vest AS får disponera inntil kr 2 mill av dei tildelte midlane frå departementet til prosjektet. Askøy kommune sin del av utgiftene, 15 prosent, blir forskottert av midlane tildelt Sambandet Vest AS, mot at Askøy kommune stiller ein kommunal garanti på beløpet. Fellesnemnda ser midlane som prosjektmidlar og dei skal ikkje nyttast til administrasjon av selskapet.

Ugild

Kenneth T. Murberg (H) sit i styret i Sambandet Vest og vart erklært ugild under handsaming av saka. Heller ikkje Jon Askeland (Sp) som er Murberg sin vararepresentant i styret og har møtt i eit styremøte, deltok i handsaminga av saka. Nina Bognøy er også vararepresentant til styret i Sambandet Vest AS, men har aldri møtt i styret.

Sambandet Vest AS:
Formålet til selskapet Sambandet Vest AS er å realisere infrastruktur til et tverrsamband mellom kommunene Askøy, Meland, Radøy, Lindås og Austrheim.

AV: Randi Bjørlo