Må samkjøra budsjettarbeidet

gruppemøte
GRUPPEMØTE: Frå venstre: Bjarte Vatnøy, Karl Vågstøl, Øyvind Bratshaug, Kenneth T. Murberg og Nina S. Øvreås.

-Det er viktig at Alver kommune har kontroll på økonomien frå starten, seier Ørjan Raknes Fortun.

Då fellesnemnda måndag skulle gje sin uttale om økonomiplanar til Fylkesmannen, kom det fram ei viss uro rundt det økonomiske utgangspunktet for Alver kommune.

– Det er stor risiko for at samla disposisjonsfond vil bli redusert i perioden 2018-21. Samtidig er investeringane i dei tre kommunane på eit så høgt nivå at ein må spørja om Alver då vil ha det økonomiske handlingsrom ein bør ha dei første åra, seier Karl Vågstøl, Lindås Høgre. Han føler fellesnemnda er kome seint inn i prosessen, og meiner at ein før sommaren bør ha samordna budsjetta slik at ein ser kva som er situasjonen og konsekvensen inn i Alver kommune.

Sjølvstendige kommunar  

Bjarte Vatnøy, Lindås Frp er opptatt av at dei tre kommunane må ha like prosessar og budsjettera med like postar.
– Kva utvikling ønskjer vi når Alver blir etablert, bør vi ikkje ha ei politisk styring på kva målet er? Eg meiner det er viktig at vi tar debatten her, og får gjort nødvendige vedtak både her og i kvar kommune, seier han.
– Kommunane er sjølvstendige fram til 2020. Fellesnemnda skal starta opp arbeidet med budsjett som skal vedtakast i desember 2019 i kommunestyret i Alver kommune, seier programansvarleg Ørjan Raknes Forthun. Han legg til at dei budsjetta ein alt har vedtatt i kvar kommune, har ein god kontroll på.
– Slik det vert påpeika i fråsegna til Fylkesmannen, er det viktig at budsjettprosessane frå 2018 vert samkjørte, og vi bør i løpet av året setja opp økonomiplan for Alver kommune, ut frå kvar kommune sin plan, seier han. Og legg til at dei tre rådmennene vil samkjøra dette på best mogleg måte.

Mest mogleg felles

Leif Hosøy Sleire, Lindås KrF presiserer at dei som politikarar er vald inn for å vedta eit budsjett i dei eksisterande kommunane eit år til, og han håpar at dei samsnakkar godt før økonomiplan for dei neste åra, skal vedtakast.
– Vi vil vera bevisst på at vi kan koordinera mest mogleg, samtidig som dei tre kommunestyra er ansvarlege for seg ut 2019, seier Raknes Forthun før ei samrøystes fellesnemnd vedtar følgjande fråsegn til Fylkesmannen:

  • Fellesnemnda meiner at kommunane sine investeringar i perioden fram til 2020 er i samsvar med dei avtalte målsetjingane for den nye kommunen
  • Fellesnemnda meiner at de vedtekne investeringane fram til 2020 er i samsvar med framtidige behov for tenester og at investeringane er på eit økonomisk forsvarleg nivå for den nye kommunen.
  • Fellesnemnda ønskjer at kommunane bruker felles og like føresetnader for økonomiplanarbeidet for 2019-2022. Dette gjeld mellom anna folketalsvekst, renteutvikling og eigedomsskatt frå 2020.
  • Fellesnemnda ønskjer at kommunane i størst mogleg grad koordinera arbeidet med økonomiplanane med omsyn på: Investeringar og behov i Alver kommune. Gebyr- og betalingssatsar
  • Fellesnemnda ønskjer at kommunane avgrensar bruken av uspesifiserte innsparingar.

    AV: Randi Bjørlo