Ein prinsipiell diskusjon

Nils m aadland m fl
DEBATT: Diskusjonen går i pausen om kven som skal avgjera korvidt ei sak er prinsipiell.

Kven avgjer om ei sak er prinsipiell?

Dersom det oppstår tvil om ei sak er prinsipiell eller ikkje, er det saksførebuande utval som har ansvar for å avgjera dette. Det vert slått fast i delegeringsreglement for Alver kommune som fellesnemnda har vedtatt med 14 mot 7 stemmer.

Det var berre spørsmål om kven som skal avgjera om ei sak er prinsipiell eller ikkje, som vart debattert i fellesnemnda. Resten av delegeringsreglementet vart godkjend utan kommentarar. Dersom det oppstår tvil om ei sak er prinsipiell eller ikkje, skal dette drøftast mellom programansvarleg og leiar av fellesnemnda, der leiaren ar siste ordet. Det var innstillinga då saka vart drøfta i fellesnemnda.

Henta frå Meland

Sølvi Knudsen (SP) opnar diskusjonen med å sei at ho var redd dei ville få saker som kan ha prinsipielt innhald så pass seint at det ville vera vanskeleg å gjera noko. – Kva saker som er av prinsipiell art er kanskje noko annleis når vi skal bygga ein ny kommune enn i våre eksisterande. Eg håpar på stor openheit rundt dei ulike saksfelta, slik at vi kan vurdera dette, seier ho.

  • Formuleringa i reglementet er henta frå Meland kommune, der prinsipielle saker skal diskuterast mellom rådmann og ordførar, og der ordførar avgjer, seier leiar i fellesnemnda, Øyvind Oddekalv. I møtet fremjar han forslag om at dersom det er tvil om ei sak er prinsipiell skal saka takast opp og avgjerast i Saksførebuande utval (SFU).

Tverrpolitisk fora

  • Det er bra å få drøfta tverrpolitisk i dette fora kva som er prinsipielt, her er alle parti representerte. Vi som sit her bør avgjera kva som er prinsipielt, seier Bjarte Vatnøy (Frp). Han fremjar forslag om at dersom det er tvil om ei sak er prinsipiell skal dette drøftast mellom programansvarleg og fellesnemnda.
  • Prosjektmetodikken gir høve til å styra alle prosjekt politisk heile vegen i løpet. Det vert ein løpande dialog med fellesnemnda om kva som er prinsipielt og ikkje, seier programansvarleg Ørjan Raknes Forthun.

Saksførebuande utval

Forslaget frå Oddekalv om å la saksførebuande utval, der ordførarane og rådmennene sit, få siste ordet, vart vedteke mot 7 røyster; Øyvind Bratshaug,Meland Frp, Bjarte Vatnøy,Lindås Frp, Nina S. Øvreås, Lindås Frp, Normann Sæbø, Radøy H (vara), Nils Marton Aadland, Meland H, Karl Vågstøl, Lindås H og Sølvi Knudsen, Meland Sp.

Ei samrøystes fellesnemnd slutta opp om presiseringa frå Marit Jøssang, Meland KrF om at økonomisk delegering til programansvarleg gjeld innafor 25% av totalramma.

AV: Randi Bjørlo