Vil halda auge med brannsamarbeid

brannbil illustrasjon

Radøy sa ja til å delta, Lindås og Meland nei. No ønskjer fellesnemnda at Ørjan Raknes Forthun skal ha ei uforpliktande observatørrolle i Vest Brann og redning.

Bergensalliansen – ein politisk møteplass for 22 kommunar i Hordaland – tilrår at det vert etablert eit regionalt samarbeid mellom sjølvstendige brannvesen for å tryggje eit samla fagmiljø med høg kompetanse, effektiv leiing, fleksibilitet, spesialistmiljø og for å halde oppe naudsynt lokal beredskapskapasitet.

Eit ja – to nei

Saka har vore handsama i kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy. Radøy var først ute, og mot ei røyst gjorde kommunestyret vedtak om å følgja felles tilråding om å bli medlem i Vest Brann og redning. Dette vedtaket er sidan trekt etter avgjerdene i nabokommunane.
Lindås kommune sa nei til medlemsskap, då kommunestyret ikkje ser at samarbeidet tilfører noko nytt som ikkje allereie er sikra gjennom eksisterande samarbeid. Dei ønskjer heller å ha fokus på utvikling av brann og beredskap i Nordhordland og inn i ny kommune.

Meland kommune har også sagt nei, og ber om at saka blir drøfta i fellesnemnda med tanke på at nye Alver kommune kan ha ei tilknyting til brannsamarbeidet også fram til 2020 (t.d. observatørstatus).

Uforpliktande rolle

I siste møtet før jul i fellesnemnda stod saka difor på sakskartet.
Leiar Øyvind Oddekalv orienterte om bakgrunnen for saka.
– Alver kommune må ha best mogleg grunnlag for å kunna sei ja eller nei til brannsamarbeidet, difor bør vi ha ei viss tilknyting fram til dess. Mitt forslag er at fellesnemnda ønskjer at programansvarleg har til dømes observatørstatus i Vest Brann og redning, seier han. Ei løysing ei samla fellesnemnd sluttar seg til.
– Dette er ein god ide, men det betyr ikkje at vi skal inn med medlemsavgift, eller forpliktar oss elles økonomiske, spør Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås.
– Nei, det må vera føresetnaden. Vi vert ikkje med, men har eit godt grunnlag fram mot 2020, om vår løysing vert akseptert i Bergensalliansen, svarar Oddekalv.

Ny runde i Radøy

Etter at Lindås og Meland har gjort sine vedtak, har saka vore drøfta på ny i Radøy formannskap. Her vert det vist til at Radøy kommune er i prosess med etablering av Nordhordland brann og redning saman med Meland, Lindås, Austrheim og Modalen.
– Vi vil uansett ha eit felles brannvern i Alver kommune frå 1.1.2020, og av den grunn kan det vera utfordrande at Radøy som den einaste av dei tre Alver-kommunane går inn i brannsamarbeid Vest brann og redningsregion, påpeikar rådmann Jarle Landås.

– Det er ei grei skisse som ligg i bordet. Denne saka bør vi bruka som eit døme på at våre tre kommunestyre i forkant burde ha samsnakkast betre og ha funne ei felles løysing. Me bør samsnakkast på førehand om prinsipielle saker som me tar med oss inn i Alver. Då kan me gjerne unngå ulike konklusjonar, og sikra gode prosessar, seier Jon Askeland, ordførar i Radøy.

AV: Randi Bjørlo