Talerett til alle tre

ørjan og øyvind

 Skal berre rådmannen i Alver ha møteplikt og talerett i fellesnemnda?
Det spørsmålet vart sentralt då fellesnemnda måndag skulle vedta politisk reglement for fellesnemnd og utval. I forslaget som låg i bordet, var det lagt opp til at programansvarleg skulle delta i møta og ha talerett. Lindås-rådmann Ørjan Raknes Forthun er som tidlegare skrive programansvarleg og rådmann i Alver kommune frå 1. januar 2020.

 – Eg finn det naturleg at også dei to rådmennene har talerett og deltek i møta, og vil gje dei same rett som programansvarleg, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF).
– Å ha med dei andre rådmennene, er for så vidt greitt. Men eg vil heller styrka strukturen rundt programansvarleg, seier Øyvind Bratshaug (Frp).

Ståle Hauge (Ap) spør kva rolle dei to rådmennene – Martin W. Kullid i Meland og Jarle Landås i Radøy – skal ha; som rådmenn i sine kommunar, eller som leiarar i ny kommune?

Tett på prosessen

– Det er viktig at rådmennene er med, dei jobbar tett i prosessen, er med i saksførebuande utval, og har ei klar rolle inn i Alver kommune også, seier leiar i fellesnemnda, Øyvind Oddekalv (Ap). Kulild og Landås vert begge assisterande rådmann i Alver kommune, med kvar sine ansvarsfelt.

– Vi skal spegla framtidige Alver inn i prosjektorganisasjonen, der vert desse to assisterande programansvarlege. Eg har hatt uhell på sykkel før, og det skal vera klart kven som overtar om det skulle skje noko, seier Forthun. Og legg til at dagens tre rådmenn vil utgjera ei administrativ styringsgruppe.

– Eg er veldig komfortabel med at rådmenna skal vera med i fellesnemnda, det er då tre kommunar som skal slåast saman, seier Ståle Hauge som har fått avklarande svar på spørsmålet sitt.

Eige ansvar

Med 18 mot 3 stemmer vedtar fellesnemnda at programansvarleg og rådmennene har møte og talerett i fellesnemnda.
Dei støttar også opp om innstillinga frå partsamansett utval om å stryka eit avsnitt om at møteleiar har eit særskilt ansvar i forhold til å passa på om nokon er ugild i ei sak. Ansvaret om å melda ugildskap ligg hjå den enkelte representant.

Bjarte Vatnøy (Frp) etterlyser eit setning om godtgjersle i reglementet, slik ein har det i Lindås kommune.
– Eller sit vi på dugnad fram til 1.1.2020, spør han.
Fleire er samd i at dette punktet manglar og fellesnemnda støttar opp om forslaget frå programansvarleg Ørjan Raknes Forthun om å følgja satsane frå førebuande fellesnemnd ut dette året, og så komma tilbake med ei sak om godtgjersle i neste møte.

AV: Randi Bjørlo