– Grunnmuren er på plass

ltillitsvalde

Ei samstemt fellesnemnd kunne måndag vedta omstillingsavtalen med dei endringane som partsamansett utval (PSU) har foreslått. Omstillingsavtalen er ein avtale mellom dei tillitsvalde og rådmennene, og skal sikra ein føreseieleg omstillingsprosess for dei tre kommunane sine tilsette, ut over offentlege avtaleverk i prosessen. Avtalen skal mellom anna bidra til å sikra at ein ikkje mister kompetente medarbeidarar i ei turbulent tid. Avtalen gjev rettar og plikter for tilsette fram til og med 31.12.2024.

Rådmennene og dei hovudtillitsvalde får ros for solid arbeid.

Grundig prosess

Rådmann i Meland, Martin W. Kullid informerte om prosessen som starta 5. september med drøftingar med dei hovudtillitsvalde om korleis gå fram. Deretter var det lokale drøftingar i kvar kommune.

– 28. september hadde vi felles hovudtillitsvaldsmøte der alle organisasjonane kunne komma med sine innspel. Så samla vi igjen alle lokale hovedtillitsvalde, før vi kunne leggja avtalen fram for PSU førre veke, og no i fellesnemnda, seier han og presiserer at eventuelle endringar må returnerast til administrasjonen og forhandlast om igjen.

Jon Askeland (Sp) roser dei hovudtillitsvalde og rådmennene for arbeidet som er gjort med dette dokumentet, eit godt og viktig arbeid.

– Dermed markerer dagens møte slutten på fase 2. No vedtar vi rammeverktøy for prosessen, og omstillingsavtalen vedkjem alle tilsette prinsipielt. Med alle vedtak som er gjort i dag, er grunnmuren på plass, slik eg opplever det, seier han.

Tre tillitsvalde

Fellesnemnda godkjenner avtalen med presiseringa frå PSU om at hovudtillitsvalde skal på peika ut tre tillitsvalde til omstillingsutvalet som skal opprettast. Frå 1.1.2020 utpeikar hovudtillitsvalde i Alver kommune dei tre representantane til omstillingsutvalet.

Det vert vidare presisert at heile teksten skal med frå Arbeidsmiljølova §16 om arbeidstakarar sine rettar ved overdraging av verksemd, i tillegg til §16.2 om lønns og arbeidsvilkår.