Alver har fått sitt første budsjett

ståle, anne grete og anna

Vel 72 millionar skal brukast på å gjera Lindås, Meland og Radøy til ein ny storkommune.

Fellesnemnda for Alver kommune vedtok måndag budsjettet for perioden 2017-2020. Dei gav programansvarleg løyve til å omdisponera årsbudsjettet med inntil 25 prosent, og bad om å få tertialvise budsjett-rapportar frå 2018.

Eit godt utgangspunkt

Det framlagte budsjettet er på 72 681 000 kroner. Dette er midlar frå staten til samanslåing av dei tre kommunane. Knapt halvparten er eingongsstønad, i tillegg kjem 5 millionar øyremerka til infrastruktur, 12 millionar i regionsentertilskot som bør nyttast til felles tiltak i den nye kommunen, og 20 millionar i reformstønad. I budsjettforslaget er midlane fordelte på 17 ulike prosjekt.
– Vi er ikkje ein kommune med kontroll på alle postar. Her er det stor usikkerheit, då vi ikkje har godt nok grunnlag. Men budsjettforslaget er eit utgangspunkt for vidare arbeid, og tanken er å la det vera tema i alle møte i fellesrådet, seier programansvarleg Ørjan Raknes Forthun.

Fellesråd-utfordring

I budsjettet er det sett av 800 000 kroner til kyrkjeleg fellesråd for Alver kommune, medan fellesrådet som hadde sitt første møte førre tysdag, har vedtatt eit budsjett på 2,3 millionar.
– Å slå saman tre kyrkjelege fellesråd med ulik styringsstruktur, gir høgare lisenskostnad i tillegg til arbeidet med å overføra data som nokon må gjera, seier Bjarte Vatnøy (Frp). Han er folkevald representant i Alver kyrkjelege fellesråd, og meiner deira budsjett er nøkternt.
Det er stor semje i fellesnemnda om at skilnaden mellom avsette midlar og budsjettet frå fellesrådet er så pass stor, at dette er ei sak som må handsamast administrativt først, og så komma tilbake til fellesnemnda i første møte over nyttår.

 

samsnakking – Kopi

Korps og politikk

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) minner om at 2018 er korpsa sitt år.
– Som korpsregion gir dette oss ein sjanse til å få gjort noko felles. Eg håper difor at vi i neste møte kan sjå på om budsjettposten til kulturbygging er stor nok, og om vi kan få til eit felles arrangement som involverer alle korpsa i dei tre kommunane. Det ville vore sensasjonelt, seier ho.

Anna K. Valle framhevar kommunereforma som ei demokratireform, der det også høyrer politiske parti.
– Også lokale partilag skal slå seg saman, og det skader ikkje om ein kan knyta til seg litt ekstern kompetanse for å bygga gode lag i 2020. Kanskje fellesnemnda sjølv har bruk for nokre midlar for å få nye til å melda seg til politisk arbeid, seier ho. Og kjem med forslag om å bruka 250 000 kroner fordelt på dei neste tre åra, henta frå «uføresett-potten».
Karl Vågstøl (H) bed om ein hurtig gjennomgang av postane i budsjettet, slik at fellesnemnda hadde eit litt betre grunnlag når denne typen problemstilling dukka opp.
Etter ein del diskusjon om korleis støtta best mogleg opp om dei lokale partilaga, vert det etter forslag frå Bjarte Vatnøy (Frp) semje om å setja seg saman i forkant av neste møte for å einast om eit felles forslag.

100 års etterslep

Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun presiserer at det fellesnemnda som bestemmer korleis pengane skal brukast, før han tar ein gjennomgang av dei ulike budsjettpostane.
– Nokre av postane handlar om frikjøp av ulike ressursar og godtgjersle tilbake til eksisterande organisasjonar. Vi må diskutera i kva grad ein skal frikjøpa, og ikkje berre frigjera ressursar, seier han. Det vert no jobba med å få på etablert eit programkontor, og der vil det truleg bli nødvendig med nokre eksterne ressursar.

– Interkommunalt arkiv meiner at det ligg om lag 100 års etterslep i dei tre kommunane som må gjerast noko med. Dei skisserer ein kostnad på 10 millionar, og vi må diskutera om dette høyrer til prosjektet eller kvar einskild kommune, seier Forthun og legg til at det som sagt er stor usikkerheit knytt til fleire av postane.

Folket må med

Marit Jøssang (KrF) minner om at dette er nybrotsarbeid, og at det vil vera nyttig å einast om kva som skal gjerast korleis.
– Kulturbygging og det å skapa noko nytt skal gjerast på mange plan. Det er mykje folk der ute som kan bidra med ting, og det er viktig å få stimulert folk i dei tre kommunane til å bidra. Budsjett-tala må justerast når ein veit litt meir, seier ho.

– Kloke ord om mogleg bredde på engasjement. Me kan rigga midlar i kommunane og i den daglege drifta. I Radøy formannskapet la vi 10 000 ekstra til dekning av idrettsrådet og musikkrådet. Eg vil oppmoda rådmenna i den daglege drifta om å bygga saman kulturdelen, seier Jon Askeland.

Budsjettpostane

I 2017 er det brukt vel 3,3 millionar. Til frikjøp av 6 toppleiarar er i det i perioden sett av 6,8 millionar og 1,25 mill. til frikjøp av tillitsvalde. Programkontor og prosjektbemanning     har ein pott på 11,5 mill. Til arkivprosjekt er det sett av 5 mill., til IKT 7 mill. og til eksterne konsulentar 4 mill. Uføresett-potten er på vel 12 millionar. I tillegg er det sett av midlar til ny heimeside, møtegodtgjersle, kulturbygging blant tilsette og innbyggarar, møter og konferansar.

AV: Randi Bjørlo