Ikkje skatt på hus og hytter i Alver

Administrasjonen rår til at det vert venta med ny allmenn taksering til etter kommunesamanslåinga 1. januar 2020.

I tråd med intensjonsavtalen skal det ikkje vera eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og ubygde eigedommar til bustad- og fritidsføremål i nye Alver kommune.

Fullt mogleg å venta

Etter hovudregelen i eigedomsskattelova skal det kvart 10. år vera ei allmenn taksering i kommunane. Det betyr at det skal gjerast slik taksering i Lindås kommune frå og med skatteåret 2018, og i Meland og Radøy kommunar året etter. Det er likevel slik at dei respektive kommunestyra kan gjera unntak frå denne hovudregelen, og det er administrasjonen si tilråding at dei utset takseringa til etter samanslåinga. Grunngjevinga er at det vil vera uheldig om kvar kommune for seg iverkset ny allmenn taksering før samanslåinga i 2020. Det er fleire gode grunnar for dette. Mellom anna vil ein då straks få felles skattesats, felles takstvedtekter og retningsliner for taksering.

Skulle kvar kommune gjennomføra eiga taksering før samanslåinga, vil Meland og Radøy ha brukt store ressursar på å taksera eigedomar som ikkje skal skatteleggast i den nye kommunen. Ein må i tillegg rekna med å bruka store ressursar på klagesaker.

Ulik praksis

I inneverande år skriv Lindås kommune ut eigedomsskatt på «verk og bruk», med 7 promille. Meland kommune skriv ut eigedomsskatt på fast eigedom i heile kommune, med ein generell skattesats på 7 promille, men redusert til 3,5 promille på bustad- og fritidseigedomar. Radøy kommune skriv også ut eigedomsskatt på fast eigedom i heile kommunen, med 7 promille på «verk og bruk» og næringseigedomar, og 3 promille på bustad- og fritidseigedomar.

Kan bli endringar

I samband med regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2018, er det foreslått store endringar i eigedomsskatten, særleg knytta til «verk og bruk». Konsekvensane dersom dei foreslåtte endringane blir vedtekne 15. desember, vil kunna få verknad for budsjettvedtaket i den einskilde kommunen. Særleg vil endringane råka Lindås kommune hardt.

I tidsskvis

Saka vert lagt fram for fellesnemnda for den nye kommunen måndag 6. november. I saksutgreiinga skriv administrasjonen at ein må rekna med at ei ny hovedtaksering vil leia til omfattande klage- og rettsprosessar som vil leggja band på store ressursar hjå den einskilde kommune i ein periode kor fokus bør vera retta mot gjennomføring av kommunesamanslåinga, som allereie er komen i tidsskvis. Det vert vidare vist til at det er praktisk at denne utfordringa vert møtt av nye Alver kommune. På den måten slepp ein dra med seg uavklarte rettslege prosessar frå dei einskilde kommunane inn i den nye kommunen.

Ta styringa frå starten

Administrasjonen stiller vidare spørsmål ved om ei ny allmenn taksering vil gje skattemessig gevinst, då det for «verk og bruk» skal gjerast fråtrekk for slit og elde sidan førre taksering. Til sist vert det vist til at det er ein klar fordel at den nye allmenne takseringa som skal gjelda for Alver kommune byggje på det nye kommunestyret sine budsjettvurderinger.
Den klare tilrådinga til fellesnemnda sitt møte 6. november er å tilråd dei tre kommunestyra gjera vedtak om at det ikkje vert halde ny allmenn taksering etter eigedomsskattelova (§8A-3) før kommunesamanslåinga 1. januar 2020.

Av: Randi Bjørlo