Sissel skal leia barnevernet i Alver

sissel frotjold

Sissel Mary Frotjold (46) har fått jobben med å leia prosessen med å samla eit felles barnevern for Lindås, Meland og Radøy. I den nye kommunen går prosjektleiaren over til å bli barnevernleiar.

– Kva er nøkkelen til eit velfungerande barnevern?
– Det er eit barnevern som har god, stabil bemanning med sterk kompetanse. Vi må vita kva som er forventa av oss til ei kvar tid, og bemanna deretter. Barnevernet må vera synleg, vera der ute, det er vesentleg for meg.

Prosjektleiaren er alt i gang med jobben, med kontor i rådhuset på Manger.
– Eg har vore i jobben i litt over to veker, og har fått møta alle tilsette i barnevernet i dei tre kommunane. Eg opplever ei veldig positiv innstilling blant dei tilsette, det gir meg eit kjempegodt utgangspunkt, seier Frotjold.

I god dialog med barnevern-tilsette i dei tre kommunane skal ho utforma den framtidige barnevern-tenesta i Alver kommune.
– Det er svært viktig å byggja opp ei barnevern-teneste med tilfredsstillande kvalitet, kapasitet og kompetanse, som sikrar gode tenester og skapar tillit hjå innbyggarane, seier ho.

Samarbeid i fokus

– Elles er forventningane å ha ei tidsriktig organisert barnevernteneste som har brukarmedverknad, familieråd/slekt-og nettverksarbeid, samarbeid og kommunikasjon som vesentlege faktorer. Vi skal vera godt rusta til å handtera dei endringane og utfordringane som ein ny kommune vil medføra, seier Frotjold.

– Kva er den største utfordringa i dagens barnevern?
– Kravet om dokumentasjon og brukarmedverknad, og om å vera meir open og synleg. Det er veldig mykje mistillit til barnevernet, sjølv om undersøkingar viser at dei fleste av dei som får hjelp er fornøgde. Men det er ikkje dei sakene folk høyrer om. Kjennskapen og kunnskapen om barnevernet er for lav. Det er ei utfordring. Vi må prøva å bygga opp ei tillit i befolkninga.

Radvering

Prosjektleiaren for felles barnevern er oppvaksen i Radøy. I dag bur ho med familien i Knarvik. Som person er ho sosial og utadvendt, og i tillegg til fellesskap med familie og vener, liker ho å vera aktiv og gå turar på fritida.
– Etter over 20 år har eg begynt å spela i korps igjen, i Seim musikklag. Det er grådig kjekt, seier 46-åringen som mellom anna har ei fortid i Manger Musikklag.

Brei erfaring

Sissel Mary Frotjold kjem frå jobb som leiar for fosterheimstenesta i Bergen og omegn, og som regional leiar for adopsjon i BUF-etat region vest. Før det var ho einingsleiar for Inntak og Oppfølging og BUFetat. Ho har ti års erfaring som einingleiar for barnevern i Oslo (m.a. Ekeberg-Bekkelaget, Nordstrand og Grorud), med mellom 10 og 50 tilsette ved dei ulike kontora, prosjektleiar for rådhuset i Oslo knytt til kriminalitetsforebyggande tiltak – samarbeid med bydelar, skuleetaten og politiet.
Frotjold er utdanna barnevernpedagog, har rettleiarutdanning, diverse leiaropp-læringsprogram/leiarskule, og ho er LEAN-navigatør. Ho har også vore leiar for nasjonale forhandlingar med private aktørar for barneverntiltak i regi av BUFdir/BUFetat.

AV: Randi Bjørlo / foto: Arthur Kleiveland