Krev strakstiltak

Nordhordlandsbrua2

Det må gjerast noko med strekninga Nordhordlandsbrua-Vågsbotn no.

I eit brev til Fellesnemnda for nye Alver kommune er høgrelaga i Lindås, Meland og Radøy tydeleg på at dei forventar at Statens Vegvesen straks prioriterer tiltak for å betra på framkoma og tryggleiken på vegstrekka mellom Nordhordlandsbrua og Eikåstunnelen. Dei finn det difor naturleg at Statens vegvesen vert invitert til neste møte i fellesnemnda for å gjere greie for kva konkrete planar dei har for å betra på situasjonen.

Ting tek tid

Høgrelaga viser til det omfattande arbeidet eit stort politisk fleirtal i Nordhordland i fleire tiår har lagt ned for å få realisert Nyborgtunnelen. Dei er difor glade for at det i Nasjonal Transportplan 2018 – 2029 er løyvd planmidlar til E39 mellom Nordhordlandsbrua og Vågsbotn i første planperiode, og dei forventar byggjestart så snart som praktisk mogleg.
Samtidig innser dei at det vil ta fleire år før eit nytt vegsamband med naudsynt kapasitet er realisert. Utfrå både kraftig vekst i folketal og næringsverksemd på strekka, og manglande kapasitet på dagens E39, er det difor naudsynt med straktstiltak for å betra framkoma og tryggleiken.

Framleis lange køar

-For knappe tre år sidan blei Eikåstunnelen opna. Målet var å etablere betre og sikrare trafikkflyt. Det har ikkje skjedd. Dei ulike trafikkløysingane som er vald rundt Eikåstunnelen skaper store køar og trafikkfarlege situasjonar. Fleire ulukker har skjedd, og det er grunn til å frykte at meir alvorlege trafikkulukker skal skje. Vi opplever situasjonen i dag som uhaldbar, både med omsyn til trafikkframkome og tryggleik, skriv høgrelaga i brevet som er underteikna gruppeleiarane Karl Vågstøl, Lindås H, Kenneth Murberg, Radøy H og Nils Marton Aadland, Meland H.

Brevet vert presentert for Fellesnemnda i deira møte mandag 2. oktober.

AV: Randi Bjørlo