-Dampen går aldri av moten

dampen ny2Bør «dampen» bli kommunevåpenet til Alver kommune, og «Folk ved fjorden» det nye verdiordet?

Dei meiner i alle høve Claus Sellevoll. 2. oktober vert Fellesnemnda for Alver kommune presentert for forslaga hans.

I eit skriv viser Sellevoll til at dampen som symbol vil synleggjera kor mykje fjordabåtane har hatt å seia for bygder og grender på strilalandet opp gjennom åra.
– Dampen representerte eit kvantesprang inn i ei ny tid, han var til å lita på og kan soleis sjåast på, ikkje som avleggs, men berande på kvalitetar som aldri går av moten. Han var trufast, han var treffsikker, han var effektiv, skriv Sellevoll.

Møteplassen

Han peikar vidare på at når dampen kom, møttest folk – kanskje berre for å fretta nytt frå bydn eller frå nabogrender. Dampen vart strilelandet sin rolege puls, samstundes som han gjorde byen tilgjengeleg for bygdefolket. Sellevoll viser til at mange av dei eigenskapane som ein kan tileigna dampen, også kjenneteiknar folket han tente; traust, påliteleg, nøysam.
– Dampen fer grasiøst fram, medviten sitt oppdrag, men utan nokon gong å bli brautande eller påtrengjande, skriv han vidare. Og framhevar dampen som ein møtestad og kan henda si tids tankesmie.
– Dampen med alt han førte med seg, rommar såleis mykje meir enn berre forteljinga om ei tid som har vore. Han ber med seg også lovnaden om ei tid som kjem, avsluttar Sellevoll. Til skrivet høyrer seks ulike forslag til korleis dampen som kommunevåpen kan sjå ut. (eit av dei er vist i saka)

Folk ved fjorden

Claus Sellevoll som var pådrivaren for namnet Alver kommune, har også engasjert seg i forhold til verdiord for den nye kommunen som trer i kraft 1. januar 2020. Hans forslag er «Folk ved fjorden».
– Det er enkelt, nøkternt og hundre prosent presist – utan sjølvskryt og høgrøysta lovnader, berre ei evig uangripeleg sanning, skriv han.

Sellevoll meiner det viktigaste med eit verdiord, er at det held det det lovar, utan å vera svulstig eller innretta mot berre dei som lukkast i livet.
– Me strilar brukar sjeldan store ord, men endå sjeldnare ytrar me oss utan å ha noko å melda. Det er betre å halda kjeft enn å vera upresis, utflytande eller utydeleg, skriv Sellevoll. Han bur sjølv i Lindås kommune, der verdiordet er «Der draumar vert røyndom», og understrekar at slik er det ikkje for alle, sjølv om dei som styrer aldri så mykje ønskjer det.

Smålåte og treffande

-Eg trur ein står seg på å vera litt smålåten, at ein tek litt atterhald heller enn å lova gull. Blir eit verdiord svulstig eller storslege, misser det si kraft. Ja, det kan treffa folk som ein provokasjon, meiner Claus Sellevoll.

Ein open prosess

I møtet 2. oktober vert Fellesnemnda informert om desse innspela frå Sellevoll. I forkant av møtet skal dei ha eit arbeidsseminar om styringsdokumentet. Her heiter det mellom anna at det politiske hovudprosjektet for identitet, symbol og felles kultur som skal opprettast, får ansvar for å utarbeida forslag til ordførarkjede, kommunevåpen og eventuelt andre symbol, og utarbeida ein visjon for Alver kommune.
Etter det første møtet i Fellesnemnda, 5. september, sa ordførarane at dei rekna med at debatten rundt kommunevåpen og slagord vil bli drege i gang for alvor i løpet av 2018.
– Det har kome fleire forslag til kommunevåpen, og vår intensjon er å kjøra ein open prosess slik vi gjorde med kommunenamnet, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Av: Randi Bjørlo