Jarle, Martin eller Ørjan?

SAMSUNG CSC
RÅDMANN I ALVER: Ein av desse tre vert rådmann i Alver kommune. Frå v: Jarle Landås, Martin Kulild, Ørjan Raknes Forthun.

Ein av dagens tre administrative toppsjefar vert ny rådmann i Alver kommune. Anten heiter den nye rådmannen Jarle Landås, rådmann i Radøy i dag, Martin Kulild, rådmann i Meland eller Ørjan Raknes Forthun, rådmann i Lindås.

Det er klart etter at fleirtalet i Fellesnemnda i møte tirsdag denne veka vedtok innplassering av rådmennene frå Lindås, Meland og Radøy i Alver kommune –  ein av dei som programansvarleg/rådmann i kommunen. Det vart også vedtatt å henta inn ekstern kompetanse i prosessen. Framlegget som vart ført i pennen av Nina Bognøy, Lindås Ap, fekk 14 røyster.
Mindretalet på sju representantar støtta opp om eit framlegg frå Nils Marton Aadland, Meland H, om at stillinga som programansvarleg/rådmann blir lyst ut eksternt.
Dei sju var Nils Marton Aadland, Meland H, Øyvind Bratshaug, Meland Frp, Sølvi Knudsen, Meland Sp, Kenneth T. Murberg, Radøy H, Karl Vågstøl, Lindås H, og Bjarte Vatnøy og Nina Stabell Øvreås, begge Lindås Frp.

SAMSUNG CSC
FLEIRTAL: Forslaget som vart ført i pennen av Nina Bognøy fekk fleirtal. Her i lag med Astrid Aarhus Byrknes, Jostein Borlaug og Ståle Hauge.

Prøverøysting

Dei folkevalde diskuterte på førehand saka i eit lukka møte, utan rådmenn, tillitsvalde og presse til stades. Leiaren i Fellesnemnda, Øyvind Oddekalv ba om ei prøverøysting først. Den resulterte i 8 stemmer for Aadland sitt forslag, då også Oddekalv røysta for dette forslaget, men gav si stemme til fleirtalsforslaget i endeleg røysting.

Ingen rettskrav

I møte 15. mai i år gav førebuande fellesnemnd  ordførarane og varaordførarane i dei tre kommunane fullmakt til å utarbeida ei skildring av stillinga som prosjektansvarleg/rådmann i den nye kommunen. Denne vert nytta i prosessen med avklaring av rettskrav til stillinga.

  • KS-advokatane har vurdert stillingsskildringa og konkludert med at ingen av rådmennene har rettskrav til stillinga, informerte Oddekalv. Han sa at dei har hatt samtalar med dei tre, og spørsmålet ein no skulle ta stilling til var korvidt ein skal ha ein ekstern prosess eller intern innplassering av rådmann i Alver kommune.

Klar tale

Før røystinga var dei tillitsvalde veldig klar i sitt syn på saka.

  • ­Vi er seks tillitsvalde som har vore tett på prosessen, men vi har levert skriv frå 12 tillitsvalde med tilråding til den vidare prosessen. Vi er no i ein utruleg kritisk fase av samanslåinga, og ei ekstern utlysing gjer at vi taper mykje tid. Så oppmodinga frå oss seks hovudtillitsvalde er å kjøra ein intern prosess. Vi har tillit til at desse kan gjera ein god jobb, sa Jarle Næss, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Lindås.

Det er venta at avgjerda om kven som vert rådmann i Alver kommune, vert tatt i løpet av hausten,

AV: Randi Bjørlo