På veg mot Alver

ordførerene
FORNØGD: Øyvind Oddekalv, Astrid Aarhus Byrknes og Jon Askeland.

Dei har eit omfattande arbeid framfor seg. Seminaret denne veka har vore ein god start.

  • Me har starta på eit stort og viktig arbeid som skal vera avslutta hausten 2019. Tida går utruleg fort, og det er eit krevjande arbeid som skal gjerast gjennom gode prosessar, seier Radøy-ordførar Jon Askeland.

Mandag og tirsdag denne veka har Fellesnemnda for framtidige Alver kommune vore samla til arbeidsseminar, i lag med rådmenna og seks hovudtillitsvalde. Der har både styringsdokument, omstillingsavtale, mandat og reglement vore på agendaen.

I etterkant oppsummerer me seminaret med dei tre ordførarane.

  • I kva grad trur de innbyggarane er opptekne av den prosessen som pågår?
  • Eg trur fleirtalet følgjer med utan å gje uttrykk for kva dei synest, seier Askeland.
  • Meland-ordførar Øyvind Oddekalv trur innbyggarane tar for gitt at politikarane handterer dei store prosessane på ein god måte.
  • Vi har om lag 2500 tilsette som følgjer godt med og er opptatt av prosessen, legg Oddekalv til. Han har site ved roret i førebuande fellesnemnd, og er no vald til leiar i Fellesnemnda, med Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås, som nestleiar.
SAMSUNG CSC
FELLES: Eit nytt framlegg vert formulert.

-Gruppearbeid fungerer godt

Dei tre ordførarane er samde om at det å jobba i grupper slik dei har gjort desse dagane, er ei form som fungerer godt og som dei gjerne vil vidareføra i Fellesnemnda.

  • Me har kost oss, ledd og blitt godt kjend. Sjølvsagt har me ikkje vore samde om alt, men usemja har vorte handtert med respekt, seier Byrknes.
  • Prosjektet toler usemje, og denne typen diskusjonar er berre ein fordel, legg Oddekalv til.
  • Fellesnemnda skal vera eit konsensusorgan. Det er ikkje her partipolitikken skal vera framtredande, seier Askeland.

Framleis er det kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy som sit med styringa, og som skal gje Fellesnemnda sine fullmakter. Tirsdag ettermiddag vedtok ei samrøystes Fellesnemnd innstilling til  mandat og reglement som no går vidare til dei tre kommunestyra.

SAMSUNG CSC
GOD STEMNING: Sølvi Knudsen, Bjarte Vatnøy og Nina S. Øvreås

Lukka møte

Medan Fellesnemnda i lukka møte diskuterte tilsetjing av programansvarleg/ny rådmann, diskuterte dei hovudtillitsvalde og rådmenna omstillingsavtalen. Dei har også klar ei innstilling. Rådmannstilsetjinga kjem me tilbake med i eiga sak.

Styringsdokumentet vil Fellesnemnda jobba aktivt med i eit utvida neste møte mandag 2. oktober.

Før sjølve seminaret heldt Jan Spurkeland foredraget “Om å byggje identitet og samfunn – ein kultur for samhandling”.

Lått og løye

  • Han hadde fokus på å bygga relasjonar, sjå og respektera kvarandre. Det var ein veldig god start, seier Astrid Aarhus Byrknes.
    Stor begeistring vakte også Claus Sellevoll si underhaldning mandag kveld. Han var ein pådrivar for Alver-namnet og har foreslått ”Dampen” som kommunevåpen, og ”Folk ved fjorden” som sld for den nye kommunen.I

    SAMSUNG CSC
    Jon Askeland og Kenneth Taule Murberg