«La oss være enige om at det beste er om foreldrene blir enige om navnet, og ikke overlater det til presten ved døpefonten.»

22 juni alver kommune
83 folkevalde, tre rådmenn og fylkesmannen samla under fana med namnet på den nye kommunen,

Sitatet tilhøyrer fylkesmann Lars Sponheim som leia fellesmøtet for kommunane Lindås, Meland og Radøy i dag. Dei 83 folkevalde var einige og slutta samrøystes opp om Alver kommune som namnet på den nye kommunen dei i fellesskap skal byggja.

Litt forseinka kom Fylkesmannen til Lindåshallen i dag, der han vart møtt av vakker song av 16 år gamle Goda Levickaite med «Summertime».

  • Dette er eit historisk møte fordi ingen av oss har vore med på det før, sa Sponheim. Han presiserte at møtet ikkje var noko vedtaksorgan, men at vedtak skulle gjerast av dei tre kommunestyra i etterkant av det felles drøftingsmøtet. Og han lova representantane tid nok til det dei hadde å sei.
sang
Fellesmøtet vart opna med vakker song,

Lokalsamfunn i endring

Etter at dei tre ordførarane har foretatt opprop i dei respektive kommunestyra – med 31 representantar i Lindås, 27 i Meland 27 og 25 i Radøy 25 – var det Karl Vågstøl, Lindås Høgre sin gruppeleiar, som opna debatten.

  • Vi ser positivt på og har store forventningar til den nye kommunen. Namnet har vore eit heitt tema. Vi meiner at den nye kommunen bør heita Nordhordland, men vi er lojale til at dei tre kommunestyra har valt Alver, og håper det òg vil vera samlande, sa Vågstøl. Han la til at Høgre ville vera ein samfunnsutviklar og pådrivar for den nye kommunen.
  • Prosessen er ikkje sett i gang for å endra lokalsamfunna, men fordi lokalsamfunna har endra seg. Velferda i kommunane vil vera endå viktigare i åra som kjem, handlingsrommet mindre, og folk sine forventningar større. Vi føler oss privilegerte som for vera med i ein så spennande prosess som vi no skal inn i, sa han.

Ein viktig dato

Asle Hetlebakke, gruppeleiaren i Lindås KrF, sa at 22. juni ser ut til å vera ein viktig dato for kommunane, då det var på same datoen i fjor, dei gjorde vedtak om samanslåing.
– No tar vi eit steg vidare. Det ligg mykje arbeid framfor oss alle; fellesnemnda, administrasjonen, partsamansett utval og alle dei tilsette som skal sy saman ein god kommune frå 1.1.2020. Vi har god tru, men kan ikkje lova gull og grøne skogar om at alt skal bli betre, det kan vi berre jobba for, sa han. Og la til at KrF har vore delt i namnesaka, men at i dal ville alle stemma for Alver kommune. – Me vil arbeida for at Alver kommune om mogleg blir endå betre enn dagens tre kommunar, sa Hetlebakke.

IMG_6949
Flagget var heist utafor Lindåshallen i dag.

Gode naboar

Bjarte Vatnøy, gruppeleiar for Lindås Frp, sa at denne historiske dagen vart det snakka om for 14 år sidan då han vart vald inn i kommunestyret, og at det har vore ein god prosess.
– Frp-laga hamna på namnetNordhordland, fordi innbyggarane følte større tilknyting til det namnet. Jobben no er å skapa same tilknyting til Alver kommune, sa han.
-Sjølv om ikkje alle kommunane er med i dag, slik vi ønskte, vil vi framleis ha eit godt forhold til våre naboar. Vi skal vera ein god kommune som vil spissa kompetanse og sikra gode tenester, og vera ein sterk faktor også i det nye fylket og nasjonalt. Planane er gode, og overgangen vil bli bra for alle, sa Vatnøy.

Raus og ryddig

Anne Valle, gruppeleiar i Lindås Sp sa dei ikkje nett er kjent for å heia på kommunereforma.
– Men når vedtaket er gjort, vil me vera aktive og jobba for ei god utvikling i heile den nye kommunen. Me skal trekka det beste frå tre kommunar for å bygga ein ny kommune. Då er det to ord som er viktige; raus og ryddig. Det gjeld òg overfor dei som valde å ikkje vera med i storkommunen, sa Valle som la til at Sp stiller seg bak namnet Alver kommune.

Dag Hugaas, gruppeleiar for Lindås Ap, understreka at også dei går samla for Alver.
– Den nye kommunen vil fylla dette namnet, og både namnekomite og førebels fellesnemnd fortener honnør for jobben dei har gjort. No byrjar arbeidet med å bygga ein ny kommune, sa han.

SAMSUNG CSC
Fylkesmann Lars Sponheim og Radøyordførar Jon Askeland.

No som sist

Jon Askeland, ordførar i Radøy, opna med å påpeika at dei på året lysaste dag er samla i Lindås-bygda der vår folkekjære lyrikar Aslaug Låstad Lygre kjem frå.
– Diktet hennar om sumarnatta rammar inn den draumen vi alle ber på, og den jobben vi no skal i gang med. Me ber med oss dei historiske perspektiva og dei gode eigenskapane i kvar av dei tre kommunane, og satsing på barn og unge er sterk i den nye kommunen, sa han.
– Radværingane kvir seg ikkje for debatt. Gruppeleiarane har bedt meg visa til at namnedebatten var god. I frå 1962 las me at det stod mellom Manger og Radøy, og det vart sagt at Radøy er eit umogleg namn. Mykje endrar seg, men ikkje Fylkesmannen. Sakslista er den same i dag som i felles kommunestyremøte i 1962, sa Askeland og helsa Lindås og Meland velkomen til eit framoverlent og raust samarbeid, til oppgåver dei er sett til for noverande og oppveksande slekter.

SAMSUNG CSC
Ordførar i Lindås Astrid Aarhus Byrknes og rådmann Ørjan Raknes Forthun

Historisk perspektiv

Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås, minna om at det er over 50 år sidan sist, og den gongen var Alversund brua den einaste store brua i distriktet. Mykje har skjedd sidan.
– Dagens vedtak føyer seg inn i historiske vedtak, tilbake til 1837 då vi fekk formannskapslovene. Namnet var debatten i førre reform også. Me les frå protokollen om stort engasjement, og mange avstemmingar før dei landa på Lindås. No er det fleirtalsvedtak i tre kommunar om Alver, til glede for mange, forbauselse og irritasjon for andre. No er det opp til oss å vera gode ambassadørar og framsnakka og skapa innhald til namnet, sa ho. Og la til at krevst stort politisk mot og rausheit for å møta den veldig krevjande og travle, men òg spennande tida dei går i møte.

Morten Klementsen, Meland BF minna forsamlinga om kva som skjedde for vel eit år sidan.
– Då sa folket i Meland nei til dette møtet vi har i dag, medan politikararne sa ja. Alver kommune synest eg er eit greitt namn som har historisk tilknyting til alle tre kommunane. Men folk spør: kva skal vi kalla ein person som er frå Alver, kanskje vi kan drøfta det, sa han og la til at BF tenkjer positivt og ser framover.
– Der gav du forsamlinga ei utfordring. Ein alvdøl er opptatt, men ein alv kanskje, svara Sponheim.

Jobben startar no

Øyvind Oddekalv, ordførar i Meland understreka at fellesnemnda det viktigaste organet for det arbeidet dei har framfor seg, og at nemnda må balansera omsynet til innbyggarane i sin kommune, og alle dei vel 29 000 innbyggarane i den nye kommunen. -1700 tilsette i Lindås, 600 i Meland og vel 500 i Radøy skal smeltast saman, i eit viktig samarbeid med dei tillitsvalde. Dei tre kommunane går inn i arbeidet som likeverdige partar, og eg veit at vi står samla om å bygga ein god og framtidsretta kommune for innbyggarane, tilsette og næringslivet, sa ordføraren. Som ein kommentar til namnedebatten siterte han Claus Sellevoll som seier at Alver ikkje trengjer seg på i kraft av sin storleik eller autoritet. – Det er ikkje namnet som skal gjera folket, men folket som skal gjera namnet, sa Oddekalv.

SAMSUNG CSCEi ope dør

Nils Marton Aadland, gruppeleiar i Meland Høgre viste til at dei i mange år har jobba for å bygga ein sterk kommune i distriktet.
-Utgangspunktet var at vi skulle ha med oss heile Nordhordland og Gulen. Eg har stor respekt for at nabokommunar sa nei, men døra står ope for dei og håpet er at vi om 8-10 år har samla Nordhordland til eit rike, sa han. Og understreka at prosessen så langt har vore god, og bygd på gjensidig tillit og respekt.

Øyvind Bratshaug, gruppeleiar i Meland Frp sa at dette er ein veldig spesiell dag, der det kviler eit veldig ansvar på dei som skal bygga den nye kommunen. -Det er skapt forventningar og vi skuldar dei rundt oss å levera, sa han.

meland krf
Meland KrF

En god leveregel

Marit Jøssang, gruppeleiar i Meland KrF understreka at gruppa vil gå for Alver kommune. -Viktigare enn namnet er korleis den nye kommunen blir. Me skal bli ein ny kommune, viktig at vi byggjer ned grensene mellom oss, og ikkje set bygdene opp mot kvarandre. Nils Arne Eggen sin filosofi om å spela kvarandre gode må liggja langt framme i tankane våre, sa ho. Og delte faren sin leveregel frå barndommen om å ikkje forsyna seg meir enn at du ser at det er like mykje til alle dei andre.

Ta heile kommunen i bruk

Leif Taule, gruppeleiar i Radøy Sp la ikkje skjul på at det har vore ei vanskeleg tid for partiet.
– Men no ser vi fram til å jobba i lag med gode naboar i Lindås og Meland om å bygga den nye kommunen, til beste for innbyggarane og næringslivet, med mange og gode tenester nær folk og med heile kommunen i bruk, sa han.

Sveinung Toft, gruppeleiar i Lindås Venstre har landa godt på Alver-namnet. – Det er tidleg i alfabetet, Ivar Medaas er derifrå, og faren til Amalie Skram. Og det er eit kommunikasjonsknutepunkt, sa han. Og la til at Venstre er glad for at intensjonsavtalen seier at vi skal ta i bruk heile kommunen.

Anita Bakken, gruppeleiar i Lindås MDG viser til at dei er ei lita gruppe, men med veldig engasjerte ungdomar oppvaksne i Knarvik, men opptatt av at ein må ta heile kommunen i bruk. – Vi skal bygga ein felles kommune, ein ny grøn by i Knarvik, og tre nærmiljøsenter. Og vi vil ha sterk fokus på den grøne næringsutviklinga i heile kommunen. Alver er eit fint namn, med musikalitet og eventyr i seg, sa ho.

IMG_6934
SP-kollegaene Silje Namtvedt frå Radøy og Per Kristian Holmetun frå Meland.

-Namnet skjemmer ingen

Per Kristian Holmetun, gruppeleiar i Meland Sp sa at dette er ein festdag der dei er klar for å sjå framover.
-Namnet skjemmer ingen, sa bestemor mi. Det viktigaste er innhaldet, at vi står saman som ein stor kommune, i ein endå større region. Me blir storebror, og det forpliktar. Vi har trua på strilekulturen og strilen. Det skal gjera oss sterke, sa han. Og la til ei lita oppmoding til fylkesmannen om meir økonomisk bidrar frå regjering og fylket i dette arbeidet.

David Pletten Aasgard, gruppeleiar for Lindås KrF er glad for å vera med på prosessen.
– Men når Brann er på topp, må vi heller bygga stein på stein, enn sitera Rosenborg. Eg ønskjer framleis at namnet skal bli Nordhordland, men ser at fleirtalet vil ha Alver. Eg håper difor at alle som ville ha Nordhordland tar med seg energien inn i jobben med å bygga ein stor, god kommune, sa Aasgard som ser fram til å vera ein stolt radværing i ein ny sterk Alver kommune.

Asbjørn Larsen, Meland Ap som er født på Landsvik i 1964, føler veldig sterke band til Radøy. – Den gongen var det lettare å reisa med båt til Manger enn å komma seg til Frekhaug, sa han. Og legg til at Alver er eit greitt namn, og det er folket som skal bygga kommunen.

Har ein draum

Leif Hosøy Sleire, Lindås KrF sa at dette er ein historisk dag for heile regionen i Nordhordland. – De har vore ein god, frivillig prosess, den viktigaste motivasjonen min for å driva med politikk, sa han. – Eg har gått for namnet Nordhordland, men respekterer dei gode demokratiske prosessane. Eg trur at når den nye modellen får virka ei stund, kan det bli justeringar av kommunegrensene, så kanskje ein gong draumen min om å samla Nordhordland kommune blir røyndom, sa Sleire som er innflyttar til Knarvik og alltid vil vera masfjording. Det er der han kjem ifrå.

Ståle Hauge, Lindås Ap gratulerte alle innbyggarane i Nordhordland med dagen. – Dette vil føra til gode endringar for alle. Kanskje skal me ikkje berre vera storebror, men også storesøster. Me må passa oss godt for ikkje å verta «Besserwisser», men heller stella endå betre med stiane våre mot nord og aust, sa han. Og gav ordførarane ros for å ha vore knakande gode til å runda dei bøyene som skulle til for å koma fram dit ein er no.

SAMSUNG CSC
.Ei gruppe frå Manger Musikklag spelte

«Congratulation»

Fylkesmannen avslutta drøftingsmøtet, med å presisera at dei formelle vedtaka så skal gjennomførast i dei tre kommunestyra, og fylkesmannen bidra til at dei vert sende til departementet. – Endeleg vedtak vert gjort ved kongen i statsråd, og det er ingen stor utfordring ved det slik situasjonen nå er, sa Sponheim. Deretter leia dei tre ordførarane kvart sitt kommunestyre gjennom dagens saksliste, med dei andre som tilhøyrarar – og utan at ein einaste av dei i alt 80 andre folkevalde tok ordet eller røysta mot eit av dei seks punkta på dagsorden.

Då var det berre for musikantane frå Manger Musikklag å stemma i med «Congratulation» – før banneret med «Alver kommune» vart avduka, og festkaka spretta.

SAMSUNG CSC
Dei tre ordførarane drog i kvar si snor for å avduka Alver-banneret.

Vedtaka

Her er vedtaka frå dei samstemte kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy – torsdag 22. juni 2017:

1.Namnet på den nye kommunen skal vera Alver
2. Kommunestyret består av 47 medlemmar.
3. Fellesnemnda for kommunane Lindås, Meland og Radøy skal ha 21 medlemmar, med fem frå Radøy, seks frå Meland og ti frå Lindås. Det skal også veljast varamedlemmar til nemnda. Medlemmane vert valt av og blant medlemmane i kommunestyra. Fellesnemnda skal sjølv velja leiar og nestleiar. Fellesnemnda skal førebu oppstart av ny kommune, medan kommunestyra skal stå fordrift og avvikling av dei gamle kommunane.
4.Val av revisor for verksemda i fellesnemnda. Revisor for den rekneskapsførande kommunen vert vald som revisor for fellesnemnda. Jf punkt f.
(red.anm; Lindås kommune har i dag Deloitte AS som revisor)
5.Det vert oppretta eit partssamansett utval for saker som gjelder forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgivar og de tilsette.
6.Lindås kommune fører rekneskap og forvaltar dei økonomiske midla til fellesnemnda. Kommunen arkiverer arkivverdig materiale frå Fellesnemnda sitt arbeid og er politisk sekretariat for Fellesnemnda.

AV: Randi Bjørlo

Fleire foto frå Lindåshallen:

IMG_6942.JPG

83 representanter

fylkesmann Sponheim IMG_7221

IMG_6939

IMG_6940

IMG_6914

IMG_6936

IMG_6943

IMG_6907
NRK-Hordaland streama møtet.