Fellesnemnda er vald

83 representantar
I denne flokken finn ei både medlemane i dei tre kommunestyra og i den nyvalde Fellesnemnda, i lag med deira tre rådmenn og fylkesmann Lars Sponheim.

Desse 21 politikarane utgjer Fellesnemnda som skal leia det vidare arbeidet med kommunesamanslåing.

Frå Lindås:
Astrid Aarhus Byrknes (KrF)
Leif Hosøy Sleire (KrF)
Asle Hetlebakke (KrF)
Nina Bognøy (Ap)
Ståle Juvik Hauge (Ap)
Anna K. Valle (Sp)
Karl Vågstøl (H)
Bjarte Vatnøy (Frp)
Nina Stabell Øvreås (Frp)
Sveinung Toft (V)

Dei 10 representantane frå Lindås i fellesnemnda er dei same som i førebuande fellesnemnd.
Varamedlem:
KrF: 1. Odd Leif Mjøs, 2. Sæbjørg Hageberg Kjeka, 3. Vetlemøy Wergeland, Bent Risøy, Malin Knudsen
Ap: 1. Dag Hugaas, 2. Stina Cook-Mongstad, Hogne Brunborg (Ap), Leidulv Brunborg (Ap)
Sp: 1. Jarle Vassdal, Jørgen Herland (Sp), Ingeborg Myksvoll (Sp)
Frp: 1. Andreas Dyngen, 2.Anita Høgquist, 3.Øystein Moldeklev
H: 1. Ingrid Fjeldsbø, 2. Olav Steinsland, 3. May Eva Sandvik (ny)
Andre: 1. Anita Bakken (MDG), 2. Peder Jøsendal (SV), 3. Anne-Karin A. Eknes (KrF)

Frå Meland:
Øyvind H. Oddekalv (Ap)
Nils Marton Aadland (H)
Øyvind Bratshaug (Frp)
Sølvi Knudsen (Sp)
Anne Grete Eide (Ap)
Marit Samnøy Jøssang (KrF)

I Meland har det skjedd ei endring frå førebels fellesnemnd ved at Karina Garnes Reigstad (MDG) er erstatta av Marit Samnøy Jøssang (KrF). Fellesnemnda i Meland har ei felles liste med varamedlemmer, og Karina Garnes Reigstad er no første vara følgd av
2. Morten Klementsen, 3. Tormod Skurtveit, 4. Mabel Johansen, 5. Henriette Fennelly,
6. Stian Lavik.

Frå Radøy:
Jon Askeland (SP)
Jostein Borlaug (AP)
Kenneth Taule Murberg (H)
Kirsti Gjetle Floen (AP, ny)
May Britt Vågenes Gjerde (SP, ny)

I Radøy er det gjort to endringar når permanent fellesnemnd no er vald. Else Marie Skartveit Dale (KrF) og Laila Seifaldet Pletten (SP) har vore med i førebuande fellesnemnd, men har meldt frå at dei takkar nei til å vera medlem i den permanente fellesnemnd for ny kommune.
Varamedlemmer: 1. Normann Sæbø (H) 2. Roy Bø (Frp) 3. Silje Namtvedt (SP) 4. David Pletten Aasgard (KrF) 5. Anne Berit Bø Palmesen (SP) 6. Torill Helland (AP) 7. Agnes Hoshovde Bernes (V) til 31.1. 2018 / Frode Hervik (V) frå 1.2. 2018

Bakgrunnen for saka er at 8. juni fatta Stortinget vedtak om at kommunane Lindås, Meland og Radøy får slå seg saman, gjeldande frå 1. januar 2020. Når slikt vedtak er fatta, skal det veljast ei permanent Fellesnemnd (Inndelingslova § 26). Fellesnemnda for Nordhordland kommune skal ha 21 medlemmar med fem frå Radøy, seks frå Meland og ti frå Lindås. Det skal også veljast varamedlemmar til nemnda.

Fellesnemnda skal førebu oppstart av ny kommune, medan kommunestyra skal stå for drift og avvikling av dei gamle kommunane.

AV: Randi Bjørlo