Lindås går også for Alver

Lindås gruppeleiarane
GRUPPELEIARANE: Før røystinga vart det halde gruppeleiarmøte og gruppemøte.

Med 18 mot 13 stemmer har Lindås kommunestyre gjort vedtak om at namnet på den nye kommunen skal vera Alver. Dermed kan dei tre kommunestyra samstemt overlevera det nye kommunenamnet til Fylkesmannen i morgon.

Rett nok skal dei kvar for seg røysta formelt over namnet ein gong til i morgon, men etter debattane i kommunestyra å døma, er det ingen grunn til å tru at ikkje dei tre kommunane skal samla seg om eit namn som skal leverast vidare til statlege styresmakter, og godkjennast ved kongeleg resolusjon i haust.

Førre onsdag sa Meland kommunestyre eit samstemt ja til Alver kommune, etter at Nordhordland kommune berre fekk fem stemmer i ei prøverøysting. Dermed vart det alternativet trekt. Dagen etter vart namnedebatten langt meir dramatisk i Radøy kommunestyre. Med 24 av 25 representantar til stades, enda avstemminga på 12 stemmer kvar til Alver og Nordhordland, og ordføraren måtte bruka dobbeltstemma si for Alver kommune.

Grundig prosess

Før debatten i Lindås kommunestyre i føremiddag, orienterte Nina Bognøy, leiar i namnekomiteen om prosessen. -Om lag 200 namn var spelt inn i ulike kanalar, men langt frå alle samsvarte med mandatet, sa ho. Og la til at framtidsperspektiv, fjord, sjø og strilakultur er det dei som har svart på ei spørjeundersøking, assosierer med kommunane våre. -Alver kommune var eit resultat av drøftingsprosessen, innspela og argumentasjonen for og mot, sa Bognøy. -Knarvik og Nordhordland var også drøfta. Knarvik kan forsterka sentraliseringa i den nye kommunen. Nordhordland er betydeleg større i geografi enn desse tre kommunane, sa ho. Og reknar med debatt, men håpa likevel på at ein i morgon sender eit namn vidare.

I den påfølgjande timeslange debatten, vart det sett fram forslag om både Nordhordland og Knarvik kommune.

Framtid og identitet

Karl Vågstøl (H): Vi i Høgre har meint heile tida at kommunen bør heita Nordhordland, eit namn ein kan kjenna seg godt att i, og som er identitetsbyggande. I ei tidlegare spørjeundersøking sa innbyggarane i dei tre kommunane at dei hadde ein sterk nordhordlandsidentitet, medan nabokommunane hadde sterk kommuneidentitet. Namnet skal stå seg og vera mest mogleg samlande, difor fremjar vi forslag om Nordhordland kommune.

Bjarte Vatnøy (Frp): Her har vore mange gode namn og ein god prosess. I Frp har vi hamna på Nordhordland, nettopp med bakgrunn i at mange har større tilknyting dit enn til eigen kommune. At naboen finn det vanskeleg om vi brukar nordhordlandsnamnet, kan ikkje stå i vegen for oss. Vi inviterte dei inn og hadde ein draum om at alle skulle vera med, men slik vart det ikkje.

KrF-gruppa delt

Lindås Krf
DELT: KrF gruppa var einig om å vera ueinige. 3 røysta for Nordhordland, 6 for Alver.

Sæbjørg Hageberg Kjeka (KrF): Det er spennande å få lov å vera med å skapa noko nytt, då også eit nytt namn, slik Alver er. Tenk på at i landsperspektiv vil vi komma på 4-5 plass i kommunelista med det namnet, i Hordaland på førsteplass, før Askøy, Austevoll og Austrheim.

Leif H. Sleire (KrF): KrF er delt i saka. For meg er det berre eit naturleg namn, Nordhordland. Eg meiner det er viktig med ein merkevare som bygger opp om visjonen til den nye kommunen, og eg reagerer på at prosessen har valt vekk Nordhordland som eit langt namn, og andre namn med æ-ø-å i seg. -Dei kommunegrensene vi ser for 2020, kjem vi ikkje til å ha om 50 år. Det er viktig å ha med seg. Kommunane rundt oss må kjøpa tenester med oss for å få kabalen til å gå rundt. Nordhordland er difor framtidsretta i forhold til korleis kommunekartet vil bli sjåande ut i framtida.

Radøy sitt kommunevåpen

Anna Valle (Sp): Det er ikkje lett å velja namn, det veit vi og frå familiære forhold. Senterpartiet har landa på Knarvik, det har vore regionssenter i over 50 år, er ein etablert og kjent plass og skal vera administrasjonssenter. Knarvik er eit godt namn, og det vil vera heilt naturleg å bruka Radøy sitt kommunevåpen med keipar, vidare. Som alternativ to er vi meir delt, mellom Nordhordland og Alver.

Asle Hetlebakke (KrF). I morgon er det §25-møte. KrF er einige om alle punkt det skal gjerast vedtak i, bortsett frå det første (namnesaka). Eg trur alle her har snakka med folk som seier at de må velja Alver, Nordhordland, Knarvik, Lindås. Kven skal ein då høyra på? Krf har hatt gruppemøte, også i lag med naboane, og vi har hatt medlemsmøte, og er blitt einige om å vera ueinig. Men det er fleirtal i gruppa for Alver som kommunenamn. Både Radøy og Meland har sagt at dei ønskjer eit namn frå vår kommune, og eg håper vi kan gjera det same. Knarvik har dei ikkje hatt oppe, då er det litt underleg om vi kjem med det i dag. Nordhordland har for alltid vore eit regionnamn for meg, og difor vanskeleg å setja som namn på eit avgrensa område.

Øystein Reidar Moldekleiv (Frp): Eg hadde personleg håpt at det skulle heita Lillebergen, men den tid er vel forbi. Eg har vore med på to etableringar for nordhordlandsnamnet – Avisa Nordhordland og Nordhordland ballklubb. Namnet Nordhordland må vera noko vi kan vera krye og stolte av.

Opptre samla

Dag Hugaas (Ap): Vi har hatt mange og lange diskusjonar om namnet. Personleg tenkjer eg at Seim er det beste namnet, eit historisk og geografisk midtpunkt gjennom alle tider. Fleirtalet i vår gruppe ser Alver som det naturlege namnet, og det er viktig at diskusjonen vert halden i dag og vedtak gjort, slik at vi kan opptre samla i morgon.

Sveinung Toft (V): Eg har vore i grublefasen, i forhold til kva vi skal kunna forsvara for ettertida. Knarvik er den viktigaste arenaen for etterkommarane, samtidig er det synd å reisa frå Lindås-namnet, som vi fint kunne forsvart. Men Alver kontra Nordhordland blir hovuddebatten. Vi skal ut i eit ganske tøft vêr, og vi skal vera robuste. Dei andre kommunane går for Alver, eg vil støtta det. Omlandet vårt blir provosert av Nordhordland, og det kan bli slitsamt å ha det med vidare.

Ståle Hauge (Ap): Eg støttar alle som har snakka. Saker som drar inn følelsar er dei vanskelegaste. Midtpunktet i den nye kommunen er i Sævråsvåg, eller på Kråko i Fensfjorden om vi tar med sjøområda. Eg er ein av dei få som stammar frå Alver, der mor mi kjem ifrå. Eg synest tolkinga av namnet er spennande, på Google betyr namnet alvar og fe’ar. Ute i verda er Alver eit upløydd namn. Eg ber alle i kommunestyret om at vi må kunna gå her i frå med eitt namn, slik at det er eitt namn som går inn til departementet. Mindretalet bør etter prøverøysting retta oss etter fleirtalet. Eg vil ikkje at det same skjer her som i Radøy.

Peder Jøsendal m fl
PAUSE-DISKUSJON: Frå venstre: Nina Bognøy (Ap), Sveinung Toft (Sp), Peder Jøsendal (SV), Stina Cook-Mongstad (Ap) og Anita Bakken (MDG).

Særnorsk

Stina Cook-Mongstad (Ap): Eg står i to heftige namnediskusjonar for tida, både på heimebane og her. Eg er veldig glad i noko nytt. Alver er litt særnorsk, men det er historie i gamal overtru også. Eg er utruleg stolt over å koma frå Nordhordland, men kan likevel bu i Alver kommune, og vera stolt av begge delar. Med gode argument, historisk innsikt og det at det er noko nytt, vil eg gå for Alver. Eg trur uansett ikkje at det er namnet vi er mest opptatt av om nokre år, men innhaldet i den nye kommunen.

Anita Bakken (MDG): Namn har mykje med følelsar å gjera. Eg er frå Bergen, og kunne nok tenkt meg Bergen Nord. Nordhordland er regionen, Knarvik skal bli byen, og vi står igjen med Alver. Lys-alvane passer på naturen, og det hjelper på i miljøparti-samanheng.

18-13

røysting
RØYSTING: Frp og Høgre var samstemte om Nordhordland som kommunenamn, men fekk berre støtte frå fire andre representantar. (Alle foto: Randi Bjørlo)

Etter gruppeleiarmøte og påfølgjande gruppemøte, var det klart for å røysta, utan prøverøysting:

Knarvik fekk 5 stemmer – 4 frå Sp og Leif Hosøy Sleire (KrF).

Dermed vart Alver og Nordhordland sett opp mot kvarandre. Alver fekk 18 stemmer (6 Ap, 6 KrF, 3 Sp, 1 V, 1 SV, 1 MDG) – Nordhordland 13 stemmer (4 Høgre, 5 Frp, 3 KrF og 1 Sp).

AV: Randi Bjørlo