53 år sidan sist

Lindåshallen
I LINDÅSHALLEN: Møt opp og få med deg den historiske hendinga i Lindåshallen torsdag 22. juni. Arkivfoto: Silje Hoaas, Lindås kommune)

Kor var du då Brå brakk staven? Og kor er du når storkommunen får vedtatt namnet sitt?

Det første spørsmålet er blitt eit mykje brukt omgrep, som skriv seg tilbake til ski-VM i Oslo i 1982 då langrennsløparen Oddvar Brå brakk staven i stafettduell med Aleksandr Zavjalov – den kanskje mest legendariske augneblinken i norsk skihistorie.

Det andre spørsmålet vil også få historisk sus over seg etterkvart, men er nett no relevant når kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy skal vedta namnet og andre moment rundt samanslåinga til ein kommune, førstkommande torsdag i Lindåshallen. Møtet startar klokka 12 og denne historiske hendinga kan vera vel verd å få med seg for alle som har høve til å stilla i Lindåshallen midt på dagen. Det er 53 år sidan sist kommunestrukturen vart endra.
-Mange av innbyggarane hugsar sikkert kommunesamanslåinga i 1964, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Ho oppmodar flest mogleg om å møta opp og få med seg den historiske hendinga på torsdag.

Frå kvar sin kommune

im og i nordland
SAMAN LIKE LENGE: Inger-Marie og Ivar Nordland vart eit par i 1964, same året som den førre kommunesamanslåinga. (Privat foto)

Inger-Marie og Ivar Nordland har vore i lag like lenge som dagens Lindås, Meland og Radøy kommunar  har eksistert.
-Vi møttest – eller slo oss saman – i 1964, då eg var 18 og Ivar 19 år, ler Inger-Marie på telefon frå hurtigruta på veg inn til Sortland.

Ho budde på Seim i Alversund kommune, medan Ivar kom frå Eikanger som var del av Hamre kommune.
-Eg var blitt fortalt at i generasjonane før meg var Alversund og Seim som hund og katt, og eg hugsar diskusjonane om namn på den nye kommunen. Me ville sjølvsagt ha Seim etter kongsgarden, men slik vart det ikkje, seier Inger-Marie.
-Eg budde på Eikanger, det det ikkje var vegar. Hjelmås var ei anna verd, sjølv om vi høyrde til same kommune, seier Ivar og fortel om ei viss rivalisering mellom dei to bygdene.

Verdas navle
-Eikanger var verdas navle på den tida, alle kom med båt frå Bergen når det blei helg, og vart bussa vidare til dei ulike bygdene. Me stilte opp på kaia og såg og høyrde, og følgde dei til båten om søndagane, seier han.
– Kommunesamanslåinga fall meir naturleg den gongen, og etter kvart ebba trafikken på fjorden ut. Den største utfordringa var forholdet mellom bygdene, og namnet var eit stort spørsmål, i lag med plassering av kommunesenteret, fortel Ivar.

Han er oppvaksen på butikk og fekk med meg dei eldre sitt engasjement for det som skjedde. Ungdomane brydde seg ikkje på same måten, dei var opptatte med sitt.
-Det vart ein del heftige debattar over disken. Ei stund såg det ut for at kommunesenteret skulle liggja på Søreidet. Det ville vore heilt malplassert, seier Ivar og Inger-Marie i kor.
– Knarvik var meir fordøyeleg.

Heller Nordhordland
-Lindås-namnet passa oss dårleg. Eg hadde ein far som var masfjording, og han meinte bestemt at Lindås hadde fått nok, seier Ivar.
Ekteparet er ikkje spesielt glad for at det ser ut for at kommunenamnet no vert Alver.
– Men me må berre læra oss å elska det, viss du kan elska kven som helst, kan det gå bra, ler Ivar.
Både han og Inger-Marie har Nordhordland som sitt favorittnamn.
– Det er fullt mogleg å læra folket å skriva det namnet rett, seier Ivar.

Godene må delast
Ekteparet er usikre på kva ein kjem til å merka som innbyggar.
– Eg tenkjer på alt som skal byggast, alle skal ha sitt, og det må då bli litt drakamp om finansane, seier Inger Marie.
– Godene frå Mongstad må delast på fleire. Avgiftene fyk til værs i Lindås no, dei skal harmoniserast og store oppgåver skal løysast, legg Ivar til. Han meiner at den nye storkommunen må bli meir innstilt på å stå til teneste for innbyggarane, til dømes i byggesaker der ein i staden for streng regulering bør spørja dei som vil bygga; kva kan vi gjera for dykk.
– Sjølvsagt har me visse forventningar til den nye kommunen. Det er berre å sjå positivt på det, og det er kjekt å koma saman, seier Inger-Marie.
Ivar som er ihuga EBML’ar, må berre sei det:
-Greier me ikkje få eit statsfinansiert kulturhus på plass no, er heile samanslåinga mislukka!

Heftige diskusjonar

berit kvalvik
POSITIV OG SPENT: Berit Kvalvik håper helsetenestene blir like gode i den nye kommunen. (Arkivfoto: Irene B. Jenssen)

Ei anna som også meiner at det er all grunn til å vera positiv, til det motsette er bevist, er Berit Kvalvik frå Radøy. Ho var 33 år og småbarnsmor ved førre kommunesamanslåing.
– Eg var medlem i Arbeidarpartiet, men i min spede start og ikkje særleg aktiv, seier ho. Og fortel at ho likevel hugsar dei veldige diskusjonane som det også skal finnast opptak av.
– Det var både morosame og spenstige kommentarar i kommunestyra i Sæbø, Manger og Hordabø. Frå Bø var til dømes det å komma inn til «dei Monger» ikkje noko stas, seier Berit.
– Eg tenkte då som no, korleis skal dei få til å styra dette når det vert så stort. Men ting går seg til og ein sluttar opp om det som vert bestemt. Historisk ser det ut som om alt som skjer i verda og i livet går i bølgjedalar, seier ho.

Kan gjerast på nytt
Som tidlegare mangeårig politikar er ho naturleg nok spent på den politiske delen.
– Eg greier ikkje å sjå for meg korleis det kan bli ei rettferdig fordeling, og trur det vert ei utfordring å få til, seier Berit som likevel  ikkje trur innbyggarane vil merka veldig stor forskjell. Sjølv er ho mest opptatt av at dei gode helsetenestene må halda fram.
-Blir det hakkande gale, er det råd å gjera det om att – ein gong i framtida, seier ho.

Nostalgi i Alversund
Heller ikkje Berit Kvalvik er spesielt begeistra for namnet Alver. Det vert for avkorta..
– Eg lovde meg sjølv at eg ikkje skulle opna munnen i namnedebatten. Men hadde dei kalla kommunen Alversund hadde det vore heilt supert for meg. Det var den vegen vi reiste, og «Alversund» var for meg den finaste båten dei hadde i BNT den gongen. Så Alversund har rett og slett med nostalgi å gjera, seier ho.

Ho minnest godt at det var stor motstand mot Radøy-namnet i si tid.
– Historisk sett vil Manger vera eit brukande namn på storkommunen, men det hadde ein ikkje fått gjennom på Radøy ein gong, seier Berit Kvalvik med eit smil.

Dette skjedde i 1964
Frå 1. januar 1964 vart tidlegare Lindås, med sokna Myking, Lindås og Lygra, slått saman med Alversund kommune, og delar av kommunane Hamre, Hosanger, Sæbø og Modalen. Sletta krets vart overført til Radøy kommune og eit område nord for Kjekallevågen til Masfjorden kommune. Den nye kommunen fekk namnet Lindås.

Radøy kommune vart danna ved å slå saman kommunane Sæbø, Manger og Hordabø, i tillegg til Bognøy frå Herdla kommune, Ystebø og Skjelvik frå Lindås og Straume frå Austrheim. Havrøyna og eit lite område på Holsnøy vart lagt til nye Meland kommune. Alversund og Titland aust for Radsundet gjekk inn i nye Lindås kommune.
Meland overtok Flatøy frå gamle Hamre kommune, og vart også tilført gamle Herdla kommune sine område nord på Holsnøy. Samtidig vart Meland sine område på Askøy overførte til Askøy kommune. (Kjelde: Wikipedia)

AV: Randi Bjørlo