Ein historisk dag

IMG_4907
FELLES Og KVAR FOR SEG: Etter at Fylkesmannen har gjennomført fellesmøtet, skal dei tre ordførarane Øyvind Oddekalv, Meland, Astrid Aarhus Byrknes, Lindås og Jon Askeland, Radøy leia sine respektive kommunestyre, med dei to andre kommunestyra som tilhøyrarar. (foto: Randi Bjørlo)

Det vert både høgtid og fest når kommunane Lindås, Meland og Radøy samlast til fellesmøte torsdag 22. juni, leia av fylkesmann Lars Sponheim.

Stortinget vedtok 8. juni 2017 å slå saman kommunane Lindås, Meland og Radøy. Fylkesmannen kallar difor inn til eit felles kommunestyremøte, i tråd med §25 i inndelingslova. I møtet skal namn på den nye kommunen, tal på representantar i kommunestyret, samansetjing av fellesnemnd, val av revisor og andre forhold ved samanslåinga drøftast. Møtet vert leia av fylkesmann Lars Sponheim.

Song og musikk
-Vi ønskjer å gjera denne historiske dagen til ein festdag, og har difor invitert nokre av ungdomane våre til å bidra med kulturelle innslag, seier Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås kommune.
Før det formelle møtet startar vil kulturskuleelev Goda Levickaite synga. Og det offisielle programmet blir avrunda med at ei gruppe frå Manger Musikklag spelar.

Fellesmøtet vert halde i Lindåshallen torsdag 22. juni kl. 12.00.
NRK Hordaland vil vera tilstades og «streama» den historiske hendinga.

Endeleg namnevedtak

Etter fellesmøtet skal dei tre kommunestyra kvar for seg gjera vedtak i dei nemnde sakene, med dei andre kommunestyra som tilhøyrarar.

Tilrådinga til dei 83 folkevalde – 31 frå Lindås, 27 frå Meland og «5 frå Radøy – er denne: 1.Namnet på den nye kommunen skal vera Alver
2.Kommunestyret skal bestå av 47 medlemmar
3.Fellesnemnda for kommunane Lindås, Meland og Radøy skal ha 21 medlemmar med fem frå Radøy, seks frå Meland og ti frå Lindås. Det skal også veljast varamedlemmar til nemnda. Medlemmane vert valt av og blant medlemmane i kommunestyra. Fellesnemnda skal sjølv velja leiar og nestleiar. Fellesnemnda skal førebu oppstart av ny kommune, medan kommunestyra skal stå for drift og avvikling av dei gamle kommunane.
4. Val av revisor for verksemda i fellesnemnda. Revisor for den rekneskapsførande kommunen vert vald som revisor for fellesnemnda. Jf punkt f.
5.Det opprettast eit partssamansett utval for saker som gjelder forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgivar og dei tilsette.
6.Lindås kommune fører rekneskap og forvaltar dei økonomiske midla til fellesnemnda. Kommunen arkiverer arkivverdig materiale frå Fellesnemndas arbeid og er politisk sekretariat for Fellesnemnda.

AV: Randi Bjørlo