Meland seier ja til Alver

thumbnail_Forslag3Eit samrøystes  Meland kommunestyre meiner den nye kommunen skal heita Alver kommune.

Under debatten i Meland kommunestyre i kveld sette Øyvind Bratshaug (Frp) fram forslag om Nordhordland som namn på den nye kommunen.

– I ei prøverøysting fekk Nordhordland kommune fem stemmer, og då det skulle røystast endeleg over namnet, trekte Bratshaug forslaget og eit samla kommunestyre slutta seg til Alver kommune som namnet på den nye storkommunen, seier Nils Marton Aadland (H). Han har sete i namnekomiteen i lag med Anne Grete Eide (Ap), og informerte kommunestyret om prosessen i forkant av namnevalet.

Røysta over tre alternativ

Då førebuande fellesnemnd handsama saka i møte 15. mai, sette Sveinung Toft, Lindås fram forslag om Knarvik kommune som namnet på den nye kommunen. Karl Vågstøl, Lindås sette fram forslag om Nordhordland kommune. Ei prøverøysting gav Nordhordland kommune 6 stemmer (3 Lindås, 2 Meland og 1 Radøy) og dette forslaget vart trekt før endeleg røysting. Knarvik kommune fekk 6 stemmer (5 Lindås og 1 Radøy), og Alver kommune fekk 14 stemmer, og vart vedtatt mot 7 stemmer (1 Meland, 5 Lindås og 1 Radøy). Etter endeleg røysting vart Alver kommune vedteke mot 6 stemmer (5 Lindås og 1 Radøy).
Alver var dermed tilrådinga til dei folkevalde i Meland i dag. Ei tilråding dei slutta seg samrøystes til.

I morgon skal kommunestyret i Radøy gjera sitt vedtak om namn på storkommunen.

AV: Randi Bjørlo