Stortinget sa ja

Torsdag kveld gjorde Stortinget vedtak om å slå saman kommunane Lindås, Meland og Radøy.

Vedtaket som vart fatta av Stortinget etter ni timars debatt, inneber at talet kommunar vert redusert frå 428 til 354. I alt vart det gjort vedtak om å slå saman 108 kommunar til 42 kommunar. 11 av samanslåingane vil skje med bruk av tvang.

Vedtaket om samanslåing har verknad frå 1. januar 2020. I vedtaket ligg også samanslåing på fylkesnivå og overføring av oppgåver til kommunane.

22. juni

Stortinget sitt vedtak om kommunereforma understrekar det kommunestyra i dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy vedtok for eit år sidan. Som me har skrive tidlegare, skal dei tre kommunane ha felles kommunestyremøte 22. juni, leia av Fylkesmannen. Her skal det gjerast endeleg vedtak om namnet på den nye kommunen, fellesnemnd skal veljast og talet på kommunestyrerepresentantar og politisk organisering skal vedtakast.

Hordaland

Hordaland har 519 963 innbyggarar fordelt på 33 kommunar og 15 437 km2. Modalen er minst i innbyggartal med 383 innbyggarar, medan Bergen er størst med 278 556 innbyggarar. 16 kommunar har færre enn 5000 innbyggarar, medan 6 kommunar har fleire enn 15 000 innbyggarar. Når Lindås, Meland og Radøy vert ein kommune, vil denne få vel 28 000 innbyggarar og dekka eit areal på 679 km2, og vert dermed den tredje største kommunen i Hordaland, med nye Øygarden som den nest største.

Frå 13 til 5

Tretten kommunar i Hordaland har vedtatt å slå seg saman til fem:
– Fjell, Sund og Øygarden
– Lindås, Meland og Radøy
– Os og Fusa
– Ullensvang, Odda og Jondal
– Voss og Granvin

Vidare har fire kommunar fatta vedtak om at dei er positive til eller ønskjer samanslåing med andre kommunar:
– Bergen ønskjer samanslåing med Osterøy, Vaksdal og Samnanger
– Stord ønskjer samanslåing med Fitjar
– Ulvik ønskjer samanslåing med ein eller fleire av kommunane Eidfjord, Granvin og Ullensvang
– Kvam ønskjer samanslåing med Samnanger.