Seminar om vegen vidare

ordførere og rådmenn
SAKSFØREBUING: Meland-ordførar Øyvind Oddekalv, fungerande rådmann i Meland, Kari Anne Iversen, Lindås-rådmann Ørjan Raknes Forthun og ordførar i Radøy, Jon Askeland er del av saksførebuande utval. (Arkivfoto Randi Bjørlo)
  1. oktober er foreslått som dato for å vedta eit styringsdokument for vegen vidare mot ein ny kommune.

Når førebuande fellesnemnd kjem saman måndag 12. juni, får dei på bordet ei sak om det vidare arbeidet med styringsdokumentet for etablering av ein ny kommune. Forslaget er at dette dokumentet skal vedtakast i møte i Fellesnemnda 2. oktober.

Lindåsrådmann Ørjan Raknes Forthun skriv i saksutgreiinga at styringsdokumentet skal synleggjera korleis programmet skal gjennomførast, og leggja eit godt grunnlag for ei evaluering av om programmet har nådd måla som har vorte vedtekne.

Eigarskap og forankring

Det er avgjerande at ein sikrar breidast mogleg eigarskap til prosessen med å slå saman dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy. -For å sikra at styringsdokumentet fyller alle føremåla er det viktig å sikra god forankring, både politisk, administrativt og blant dei tillitsvalte, skriv rådmannen som meiner ein difor treng meir tid til å arbeida vidare med dokumentet. Leiargruppene i dagens kommunar skal involverast, og det skal gjennomførast drøftingar med dei tillitsvalde. For å sikra god politisk forankring vert det lagt opp til å bruka Saksførebuande utval (ordførarar og rådmenn) som ein arena for å drøfta korleis dokumentet skal utformast og korleis ulike delar skal omtalast.

September-seminar

Fellesnemnda som erstattar førebuande fellesnemnd, skal veljast formelt 22. juni i §25-møtet som vert leia av Fylkesmannen. Innan det møtet skal dei tre kommunane ha vald sine representantar til nemnda – Lindås 10, Meland 6 og Radøy 5. Intensjonen er så at dei skal bli involverte i prosessen rundt styringsdokumentet gjennom eit to-dagars seminar (4.-5. september). Dei skal då drøfta målsetjingar, kommunikasjonsstrategiar, avgrensingar og strategiar for gjennomføring av programmet.

Dette er den første samlinga i Fellesnemnda etter ferien. På sakskartet mandag står også godkjenning av møteplanen for nemnda for resten av 2017. Forslag til møte er 2. oktober, 6. november og 4. desember.

Næringsseminar

I løpet av hausten skal det også gjennomførast eit seminar om næringsutvikling. Førebuande fellesnemnd valde i førre møte 15. mai, ei arbeidsgruppe for gjennomføring av dette seminaret: Karl Vågstøl frå Lindås, Kenneth Murberg frå Radøy og Øyvind Bratshaug og Karina Garnes Reigstad frå Meland. Arbeidsgruppa fungerer fram til seminaret er gjennomført, og får administrativ støtte frå Lindås kommune.

Møte i førebuande fellesnemnd måndag 12. juni vert halde i Meland rådhus, med møte i partssamansett utval først.

Av Randi Bjørlo