Fleirtal for Alver

image
Mindretal: Sveinung Toft og Anna Valle foreslo Knarvik som nytt kommunenamn, Karl Vågstøl (t.h.) vil at storkommunen skal heita Nordhordland. 

Førebuande fellesnemnd drøfta mandag namnet på den nye storkommunen. Med 15 mot 6 stemmer vert Alver kommune sendt vidare til dei tre kommunestyra til avgjerd. Mindretalet ønskjer Knarvik kommune. Nordhordland kommune som også vart foreslått i møtet, vart trekt då det også fekk 6 stemmer i ei prøverøysting.

Held på Alver

Leiar i namnekomiteen orienterte om prosessen, som har vore grundig omtalt tidlegare. – Vår einstemmige innstilling  er på Alver, som betyr i all slags vêr, seier Bognøy. Ho seier strilane er framtidsretta, opptatt av næringsutvikling og gode oppvekst- og buforhold.

– Når det gjeld Nordhordland er dette namnet ekskluderande for dei i regionen som ikkje er med i storkommunen slik referansegruppa m.a. påpeikar, seier Bognøy.

– Alver er eit gamalt historisk namn, Alver er lett å lesa, uttala og skriva. Alver  har vi ikkje hatt i vårt eige, og er eit namn vi kan bygga eit fellesskap rundt frå grunnen av, seier ho.

– Slik eg opplever situasjonen i Meland, trur eg at ei eventuell spørjeundersøking ville enda opp med Nordhordland. Eg tenkjer Alver er eit godt namn, seier Øyvind Oddekalv, ordførar i Meland.

Ordførarkollega Astrid Aarhus Byrknes viser til eit enormt engasjement i sosiale medier. Ho er klar på at til lags åt alle kan dei uansett ikkje gjera.

– Alver er samlande. Namnet kler vår nye kommune og gir rom for at det er me som skal fylla det med innhald, seier ho og ber om at ein prøver samla seg om eit namn. Elles vil andre ta avgjerda.

Kva med Knarvik?

Sveinung Toft (Sp) spør kvifor Knarvik, som både vert kommunesenter og regionssenter, er valt bort.

– Kanskje det er eit betre namn å selja inn utafor regionen, og det er her ungdommane våre samlast, seier Toft.

– Referansegruppa har drøfta Knarvik.  Det er motor for regionen, og har historisk tilknyting i form av knarrane. Men ein skal ikkje setja passaren langt utfor Knarvik før ein hører «alt skal til Knarvikje». Folk der ute identifiserer seg ikkje med Knarvik. Alver er ein jomfrueleg grunnstein når vi no skal bygga noko nytt, seier Bognøy.

– Eg har eit avslappa forhold så lenge namnet ikkje blir Nordhordland. For oss som bur her, kan Knarvik bli eit godt namn. Knarvik er eit betre namn utad, og blir også kommunesenteret, seier Anna Valle (Sp).

Bognøy presiserer at Knarvik at vore ggrundig drøfta.

22. juni er dagen

Radøy-ordførar Jon Askeland seier det avgjerande skjer 22. juni etter at møtet som fylkesmannen har leia er over. Då avviklar kvart kommunestyre sitt møte med dei to andre som tilhøyrarar.

– Vi må difor snakkast saman på førehand slik at vi kan samlast om eit namn, Kvart kommunestyre hhar drøfta namnet i kommunestyremøte på førehand, seier han.

Vil ha Nordhordland

– Eg har vore tydeleg på Nordhordland heile tida. Språkrådet er rådgjevar, og dei viser til at namnet skal vera dekkande for flest mogleg. I min tankegang er Alver eit tredjeval. Knarvik er eit godt nr. 2, seier Leif Sleire (KrF).

– Nokre av oss i Meland synest Alver er eit godt namn. Ingen har eigarskap til namnet, men mange har god kjennskap til det. Me skal bygga ein ny kommune, og då trur eg Alver slår ut Knarvik så det susar, seier Sølvi Knudsen ( Sp). Ho oppmodar kommunestyra om å greia samla seg om eit namn.

– Eg har ikkje bestemt meg. Sjølve plassen Alver er i ingenmannsland, og det kan gjerne vera ein fordel. Dei over 300 første treffa om ein søker på namnet, viser til figurane «alver», seier Ståle Hauge. – Knarvik kjem opp som administrasjonssenter i Lindås, og det meste elles dreier seg om Knarvik senter, seier Ståle Hauge (Ap). Han håper på prøverøysting i siste runde og at mindretallet besinner seg slik at ein samlast om eit namn.

Karl Vågstøl (H) er einig i at ein til slutt må ha ei felles innstilling. – Nordhordland er enno eit sterkt namn som folket som bur her identifiserer seg til. Eit namn for framtida, seier han og bed om votering over namnet Nordhordland.

Else Marie Dale (KrF) meiner ungdommane er framtida, og ho stemmer difor for Knarvik, seier ho. Og legg til at ho ikkje vil identifisera seg med ein alv.

Frå namnekomiteen blir det vist til at ungdomane i referansegruppa var dei som var mest imot Knarvik som kommunenamn.

– Det har vore ein prosess. Når nokon spør kor er du ifrå, seier eg at eg er ifrå Knarvik. Andre er frå Frekhaug, eller Sæbø. Det er kor du er ifrå som er det viktige, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF) . Ho viser til eit sitat frå Claus Sellevold: ,Det er ikkje namnet som skal gjera folket stort, det er motsett.»  Eg er einig.

Sveinung Toft og Anna Valle gjer framlegg om Knarvik som kommunenamn.

– Vi veit kor ungdommane møtest, Knarvik er eit godt salsoppjekt, lettare å selja utan og meir framtidsretta enn Alver, seier Toft,

Prøverøysting

Prøverøysting gav 6 stemmer til Nordhordland, 6 stemmer til Knarvik, medan Alver fekk 14 stemmer – mot 1 frå Meland, 5 frå Lindås og 1 frå Radøy.

Karl Vågstøl trekker sitt forslag, og endeleg røysting gjev slikt resultat:

Alver 15 stemmer

Knarvik 6 stemmer – fem frå Lindås, ein frå Radøy.

Tekst og foto: Randi Bjørlo