Dette seier Språkrådet

Forslag 2

Mandag skal førebuande fellesnemnd drøfta innstillinga frå namnekomiteen om Alver som nytt namn på storkommunen. Deretter går saka vidare til kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy. Dei gjev si endelege godkjenning i fellesmøte, leia av Fylkesmannen 22. juni.

Slik me har skrive tidlegare, innstilte namnekomiteen på Alver kommune, etter ein grundig debatt rundt dei fire namna som referansegruppa stod igjen med. Den gruppa hadde ei liste på 11 namn til vurdering. Namnekomiteen har gjort sine vurderingar med bakgrunn i  mandatet frå førebuande fellesnemnd.

I forkant er det gjort eit grundig og inkluderande arbeid rundt spørsmålet om nytt namn på storkommunen. Innbyggarane har vore inviterte til å svara på ei spørjeundersøking om kva som pregar området og folket som skal danna den nye kommunen, historiske intervju er gjennomførte og det har vore eit stort engasjement både i sosiale medier og i lokalavisene.  Meir enn 200 ulike namn er spelte inn, grunngjevne og kommenterte. No nærmar det seg ei endeleg avgjerd.

Knapp svarfrist

Språkrådet har òg blitt oppmoda om å vurdera dei fire namneforslaga Alver, Knarvik, Kvernafjord og Radfjord. Med knapp svarfrist har dei gitt ei førebels vurdering,  i dialog med  stadnamntenesta på Vestlandet. Her er deira synspunkt.

Alver tyder ”vêr frå alle kantar” og passar såleis godt til store delar av området i den nye kommunen.
– Likevel er Alver først og fremst eit gardsnamn, og stadnamntenesta på Vestlandet peikar på at Alversund ville vera eit betre alternativ som kommunenamn, seier seksjonssjef  Daniel Gusfre Ims i Språkrådet. Han minnar om at Alversund var namnet på ein tidlegare kommune som omfatta sokna Meland, Alversund og Seim.

Sjølv om Knarvik blir senteret i den nye kommunen, er det ikkje sjølvsagt at det skal bli kommunenamnet. Språkrådet meiner det kan vera ein fordel å ha ulike namn på kommunesenteret og kommunen.

Når det gjeld dei to fjordnamna, meiner Språkrådet at ein eventuelt bør skriva Radfjorden og Kvernafjorden, i staden for Radfjord og Kvernafjord. Dei viser til kommunenamnet Masfjorden og til at det er Radfjorden og Kvernafjorden som er godkjende primærnamnformer i Sentralt stadnamnregister.

Alle fire innanfor

Ingen av desse fire namna har tidlegare vore brukt som inndelingsnamn, men dei er alle eksisterande namn innanfor området til den nye storkommunen. Såleis vil alle alternativa vera i samsvar med hovudprinsippet om å bruka tradisjonelle og eksisterande stadnamn vidare, påpeikar Språkrådet.
– Me uttalar oss gjerne på nytt når kommunane har kome nærmare ei avklaring av kva namn dei ønskjer å bruka, seier seksjonssjefen.

Enormt engasjement

Heilt i innspurten for namnedebatten er det òg eit enormt engasjement i sosiale medier. Framleis er det mange som tar til orde for at kommunen bør heita Nordhordland.
Språkrådet viser til debatten som pågår litt nord for oss, der dei fire sunnfjordskommunane Jølster, Førde, Gaular og Naustdal ønskjer namnet Sunnfjord på storkommunen dei har intensjon om å danna. Her påpeikar Språkrådet at det er ein stor del av Sunnfjord som ikkje er med i planane for ein samanslått kommune. Difor er deira primære råd å kalla kommunen Indre Sunnfjord. Då unngår ein at namnet kjem i konflikt med Sunnfjord som namn på eit større landskap.
Ein kan ikkje utelukka at tilsvarande vurdering vil bli gjort for namnet Nordhordland, der berre delar av regionen Nordhordland no slår seg saman.

Mange har sansen for Alver, andre meiner Knarvik er eit betre alternativ. Kva dei folkevalde i dei tre kommunane meiner, får vi snart svar på.
– Uansett kva det til slutt blir så er det mange som blir skuffa. Eg synes innstillinga frå namnekomiteen er god med Alver kommune, og ser fram til drøftingane som kjem i fellesnemnd og kommunestyre, skriv Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes på facebook.

Mandag 15. mai skal altså namnet drøftast i førebuande fellesnemnd sitt møte i kantina i Nordhordlandshallen.