Fjerde møte i fellesnemnda

Mandag 24. april har førebuande fellesnemnd sitt fjerde møte. Møtet vert halde i rådhuset på Manger, og på sakskartet står mellom anna delegering av fullmakt og etablering av valkomite.

Engasjera prosjektleiar

I eit tidlegare møte i førebuande fellesnemnd vart det vedteke å engasjera ein prosjektleiar til arbeidet med kommunesamanslåing for perioden august 2017 til juni 2020.  Førebuande fellesnemnd gav då rådmennene i dei tre kommunane i oppdrag å gjennomføra ein anbodsprosess for innleige av prosjektleiar. I saka som skal handsamast mandag, bed førebuande fellesnemnd om  fullmakt til å gjennomføra denne anbodsprosessen.

Valkomite

Etablering av ein ny kommune krev naturleg nok at det vert nødvendig med ein del politiske komitear undervegs. Det er difor ønskjeleg å få etablert ein valkomite som har som oppgåve å fremja forslag til medlemmar i ulike komitear som vert oppretta.
Bjarte Vatnøy  frå Lindås, Sølvi Knudsen frå Meland og Else Marie Dale er framsett som kandidatar til komiteen. Dei får administrativ støtte frå Radøy kommune.

Andre saker

I tillegg til orienteringssaker, skal førebuande fellesnemnd også handsama sak om val av revisor for fellesnemnda sitt arbeid.Kontrollutvala i dei tre kommunane vil bli bedne om å fremja innstilling til revisor, før møtet med fylkesmannen (§25-møtet) som er planlagt til 22.juni.

Vidare skal det veljast ein representant til førebuande kyrkjeleg fellesnemnd. Denne nemnda skal førebu samanslåing av fellesråda/sokneråda i dei tre kommunane.

Sakspapir til møtet finn du her

Av: Randi Bjørlo