Tusen dagar igjen…

IMG_4907

I dag, onsdag 5. april 2017, er det nøyaktig tusen dagar igjen til dagens Lindås, Meland og Radøy er historie. Då vert dei tre kommunane til ein ny storkommune.

-Ein kommune vert det, det er heilt sikkert. Men det betyr ikkje at alt skal flyttast til Knarvik, sler Radøy-ordførar Jon Askeland fast. Han fortel at blant dei oppriktige spørsmåla han får frå innbyggarane, er nettopp spørsmålet om kommunesamanslåinga vert noko av.

Ordførar i Meland, Øyvind Oddekalv og Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes nikkar. Dette er spørsmål dei kjenner igjen.

Andre trur at alt er bestemt allereie. Men det er først no at ein verkeleg er i gang med å rigga prosjektet, og det er mykje som skal skje desse neste åra. Kvar time og kvar dag trengs for å komma i mål før 01.01.2020, seier ordførarane som forsikrar at ein er i rute.

-Tenk på at det er tre store organisasjonar som skal smeltast saman, med 2500 tilsette som leverer tenester til innbyggarar og næringsliv. Difor har vi fokus på kva som må gjerast, kortid, seier Oddekalv.

Klar oppfordring

-Menneska, kvar enkelt er den viktigaste resssursen ein kan byggja ein ny kommune på, seier Aarhus Byrknes. Ho er opptatt av at den nye kommunen må framsnakkast, at dei må skapa fellesskap og at innbyggarane og politikarane i dei tre kommunane må heia på kvarandre.

-Me oppfordrar difor så mange som mogleg til å gå ein tur i ein av dei to andre kommunane i dag. Felles kulturarrangement vil koma etterkvart, seier Askeland.

-Kanskje søndagsturane kan leggjast til ulike plassar i den nye kommunen, legg Lindås-ordføraren til.

Identitet

Når det gjeld namn på den nye kommunen, er dei tre ordførarane glad for at prosessen no har starta.

-Namnet er viktig som ein identitetsbyggar, seier Oddekalv.

-Det står i oppdraget at namnet skal vurderast historisk og med styrke framover. Det må det leggast vekt på, i tillegg til at ungdomane må involverast, seier Askeland. Byrknes legg til at engasjementet så langt viser at namn er noko som opptar folk.

Skule og barnehage

Samtidig som prosessen med å byggja ny kommune går for fullt, skal dagens kommunar drivast med minst like høgt trykk. Både i Lindås, Meland og Radøy skal det byggast anten skule eller barnehage, så oppvekstfeltet står sentralt.

-Kommunane skal drivast fram til 2020. Meland har 50 prosent auke i folketalet sidan 2000, og må ha fokus på tenester til innbyggarane. Vi skal m.a. bygga ungdomsskule og barnehage på Frekhaug, ny kyrkje, og restaurera Meieriet med tanke på ungdomen. Og vi skulle hatt fleire kommunale bustader, seier Oddekalv.

-Ny barneskule med fleirbrukshall i Knarvik og Alversund, Osterhallen, ny Kolås barnehage, bufellesskap og forskottering av næringsområde på Mongstad i lag med infrastruktur i Knarvik er blant våre prosjekt, seier Byrknes.

I Radøy skal det byggast ny barneskule på Bø, i tillegg til ein del andre prosjekt som skal vera ferdige før september 2019. Det trengs nye bustader både på Manger og Austebygd, kinosalen skal oppgraderast og barnehagesituasjonen på Manger må det gjerast noko med.

-I tillegg har alle tre kommunane ein jobb å gjera i forhold til vatn og avløp, sluttar Askeland.

Av: Randi Bjørlo